Sjukepleiar
Medisinsk sengepost 1 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 8.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Medisinsk sengepost 1 har ledig 80% vikariat på natt med langvakter kvar 4. helg. Vikariatet er ledig i perioden 01.06.26-31.08.27.
Kvifor bør du søkje hos oss?
Hos oss får du jobbe på ein medisinsk sengepost med stor fagleg breidde og varierande arbeidsdagar. Du møter pasientar med hjarte- og lungesjukdom som krev tett oppfølging, gode kliniske vurderingar og samarbeid i team. Vi er ein gjeng som er opptekne av å ta vare på kvarandre, dele kunnskap og skape eit trygt arbeidsmiljø – både for pasientar og tilsette. Her får du god opplæring og støtte, også om du er nyutdanna, og moglegheit til å utvikle deg fagleg over tid. Dette er ein sengepost der du får brukt kompetansen din, lærer mykje og kjenner at jobben du gjer, har betydning.
Arbeidsoppgåver
- Du møter eit variert og utfordrande sjukdomsbilete innan hjarte- og lungemedisin
- Klinisk observasjon og vurdering av pasientar med akutte og kroniske tilstandar
- Behandling og oppfølging, inkludert legemiddelhandtering og respirasjonsstøtte
- Tverrfagleg samarbeid med legar, fysioterapeutar og andre faggrupper
- Nært pasientkontakt og omsorg i sårbare livssituasjonar
- Dokumentasjon og koordinering av vidare behandling
- Fagleg utvikling i eit miljø med høg kompetanse og godt kollegafellesskap
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode samarbeidsevner og evne til å jobbe sjølvstendig
- Trygg i akutte situasjonar og med kliniske vurderingar
- Meistrar norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Empatisk og omsorgsfull
- Fagleg nysgjerrig og lærevillig
- Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
- Gode samarbeidsevner
- Kommuniserer klart og tydeleg
- Trygg i akutte situasjonar
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til din CV
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Kontaktinformasjon
Inger Kristin Reiten, Seksjonsleiar, +47 70105642, inger.k.reiten@helse-mr.noArbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5110267149
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Startdato: 01.06.2026
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 08.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461512524
- Sist endret
