Skipsførar - Arsvågen-Mortavika!
Maritim Drift, Fjord1 AS
- Frist 18.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi søker no etter ei skipsførar som ønsker å bli ein del av besetninga på gassferjene i sambandet Arsvågen–Mortavika.
I denne stillinga får du fast turnus og fast løn, men arbeidet varierer mellom dei ulike fartøya i sambandet. Det betyr at du vil jobbe saman med fleire kollegaer og på ulike båtar, noko som gir ein variert arbeidskvardag og god moglegheit til å bygge erfaring. Arbeidsdagane kan vere travle, med skiftande vêr, mykje trafikk og høgt tempo. Stillinga passar difor for deg som er trygg i rolla som skipsførar og trivst med ansvar.
Turnusordninga er 2 veker på og 2 veker fri - ei ordning som gir god balanse mellom jobb og fritid. Under arbeidsperiodane bur du om bord, og reise til og frå arbeidsperioden blir dekka av rederiet.
Tiltreding etter avtale.
Relevante kandidatar vil bli kontakta fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Som skipsførar vil du ha det overordna ansvaret for trygg og effektiv drift av fartøyet. Dette omfattar sikkerheitsstyring, energileiing, den tekniske og operative tryggleiken om bord. I tillegg til ansvar for både personleg og miljømessig tryggleik. Du skal sikre at alle operasjonar blir gjennomførte i tråd med gjeldande regelverk, prosedyrar og krav frå styresmakter.
Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Som leiar om bord er du ansvarleg oppfølging av rutinar og kvalitetssystem. I tillegg skal du utføre dei oppgåvene som går fram av stillingsinstruksen og sørgje for at alle avgjerder blir tekne med tryggleik og driftseffektivitet i fokus.
Kvalifikasjonar
- D1-sertifikat.
- ROC/GMDSS-sertifikat.
- Ferdigheitssertifikat medisinsk behandling.
- Sikkerheitskurs etter kvalifikasjonsføreskrifta.
- Ferdigheitssertifikat, videregåande IGF.
- Krise- og passasjerhandtering.
- Gyldig helseattest.
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig.
Fjord1 dekker IGF kurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.
Personlege eigenskapar
Vi søker en ansvarsbevisst og løsningsorientert skipsfører med god dømmekraft. Du er en trygg leder, trives med samarbeid, og tar selvstendige beslutninger som sikrer både mannskap og passasjerer.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter avtale mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund.
- Sjøvakt, 2 veker på og 2 veker av.
- Ein bur om bord i arbeidsperioden.
- Dekka reisekostnader til/frå arbeidsperiode.
- Treningsrom om bord i fartøyet.
- Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår!
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
- Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø.
Kontaktinformasjon
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.noArbeidssted
E395561 Føresvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fjord1 ASReferansenr.: 5114952190
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461506225
- Sist endret