Lærar i elektro- og datateknologi
Vestland fylkeskommune
- Frist 17.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Lærar i elektro- og datateknologi
ODD - ODDA VGS, Vestland fylkeskommune
Skulen ligg i bysenteret Odda i Ullensvang kommune. Området er kjent for dramatisk landskap med fjord, fjell, brear og fossar. Dette gjev svært gode føresetnader for ulike aktivitetar, men er òg grunnlaget for verdsleiande industri. Hardanger og fruktdyrking er eit kjent omgrep, og aktivitetsturisme er blitt eit stort satsingsområde. Gjennom året vert det arrangert større og mindre kulturarrangement i kommunen, t.d. Hardanger musikkfest, Litteratursymposiet, Blueshelga, Sus & Dus, Morellfestivalen og Siderfestivalen.
Odda vidaregåande skule er ein skule med omlag 270 elevar og 55 tilsette, som er fordelt på studieførebuande program og yrkesfagleg program. Vi har eigen avdeling for tilrettelagt opplæring, samt landsline i smedfaget.
Skulen har ledig stilling som lærar i elektrofaget frå 1. august 2026.
Arbeidsoppgåver
Planlegge og gjennomføre opplæring i tråd med læreplanmåla.
Følgje opp den enkelte elev si faglege utvikling.
Delta i lærarteam og pedagogisk utviklingsarbeid.
Tilretteleggje og samarbeide om eit godt og effektivt læringsmiljø.
Samarbeid med kollegaer og føresette.
Samarbeid med opplæringskontor og elektrobransjen.
Kvalifikasjonar
Eit eller fleire fagbrev innan programområdet elektro og datateknologi. Det er en fordel om søkjar har undervisningskompetanse i andre fag (fellesfag).
4 års relevant praksis etter fagbrev.
2-årig teknisk fagskule eller 3-årig relevant bachelor eller yrkesfaglærarutdanning.
Ynskjelege fagbrev: Telekommunikasjonsmontør, Dataelektronikarfaget.
Andre relevante fagbrev: Elektrikar, Automatikar, Maritim elektrikar, Heismontør, Tavlemontør, Energioperatør, Energimontør, FU operatør, Kulde-og varmepumpemontør, osv.
Dersom det ikkje er søkjarar som fyller kompetansekrava for tilsetting, kan andre søkjarar med relevant fagbrev verte vurdert på vilkår av at pedagogisk utdanning vert gjennomført i etterkant.
Godkjent politiattest.
Personlege eigenskapar
Du likar å arbeide med ungdom og er ein god rollemodell.
Du har ei positiv innstilling og skaper gode relasjonar.
Du ser behova til den enkelte elev.
Du er ein god lagspelar, er god til å samarbeide og deler av kunnskapen din.
Du arbeider strukturert og systematisk.
Du har god digital ferdigheit.
Du har gode skriftlege og munnlege norskferdigheiter.
Vi tilbyr
Eit spanande, godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, gode arbeidstilhøve og variert tverrfagleg samarbeid.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461491207
- Sist endret




