Vikariat - Bibliotekar
Kultur og fritid, Stranda kommune
- Frist 10.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Stranda folkebibliotek har ledig 67% stilling som bibliotekar i perioden 22.06.2026 - 21.02.2027.
12% av stillinga er knytt til biblioteket på Hellesylt. Stranda folkebibliotek er organisert under eining for kultur og fritid. Arbeidstida kan til ein viss grad tilpassast den som blir tilsett. Noko kveldsarbeid må påreknast.
Vi ønskjer oss ein person som trivst i møte med menneske, har god oversikt over biblioteket si rolle i lokalsamfunnet og som kan bidra aktivt til vidareutvikling av våre tenester.
Attestar og vitnemål skal leggast ved søknaden. Vitnemålsportalen skal nyttast for vitnemål som er registrert der.
Vi gjer merksam på at søkjarliste er offentleg. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Den som vert tilsett må kunne legge fram politiattest av nyare dato, ikkje eldre enn 3 månadar.
Arbeidsoppgåver
- Drifte Stranda folkebibliotek i samarbeid med einingsleiar
- Drifte Sunnylven bibliotek i samarbeid med støttegruppa for biblioteket
- Rettleie brukarar i informasjons- og litteratursøk
- Legge til rette for forfattarbesøk, samt andre arrangement i regi av biblioteket
- Samarbeid med skular, frivillige og lokale kulturaktørar
- Andre arbeidsoppgåver som ligg til eininga kultur og fritid kan verte tillagt stillinga, då i samarbeid med einingsleiar
Kvalifikasjonar
Vi legg særleg vekt på tidlegare erfaring og ser etter deg som:
- har bibliotekfagleg eller anna relevant utdanning (erfaring kan erstatte relevant utdanning)
- har erfaring frå folkebibliotek med kjennskap til biblioteksystem, katalogisering og digitale verktøy
- har erfaring med pulikumsarbeid og formidling
- er fleksibel med omsyn til arbeidsoppgåver innanfor bibliotek og allmenn kultur
- har gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt og vi ser etter deg som:
- er serviceorientert og trygg i møte med ulike brukargrupper
- jobbar strukturert og sjølvstendig
- er nysgjerrig, løysingsorientert og likar å ta initiativ
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø med trivelige kollegaer
- Lønn etter tariff
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
Kontaktinformasjon
Elisabeth Opsvik, Einingsleiar, +47 46411054Arbeidsstad
Allmenningen6200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 5116889398
Stillingsprosent: 67%
Vikar
Startdato: 22.06.2026
Sluttdato: 21.02.2027
Søknadsfrist: 10.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461486520
- Sist endret

