Økonomirådgjevar 100% fast stilling
Økonomi, Sykkylven kommune
- Frist 18.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Sykkylven kommune har ledig 100 % fast stilling som økonomirådgjevar for snarleg tiltreding.
Vil du bidra til god styring, effektiv ressursbruk og utvikling, så kan dette vere stillinga for deg.
Som økonomirådgjevar vil du få varierte og utfordrande arbeidsoppgåver. Du vil samhandle med alle delar av organisasjonen, einingsleiarar og kommuneleiing. Stillinga rapporterar til økonomisjef. Økonomiavdelinga har til saman 4 stillingar.
Arbeidsoppgåver
- Støtte leiarar med økonomisk analyse, rapportering og rettleiing
- Innkjøpsrådgjeving og ha systemansvar for innkjøpsløysinga
- Deltaking i budsjettarbeid, økonomioppfølging og analysere avvik
- Prosjektarbeid
- Tilgangsstyring til kommunens ERP-system (Visma)
- Bidra i øvrige oppgåver innan økonomiavdelinga
Kvalifikasjonar
- Minimum bachelorgrad eller tilsvarande innan økonomi. Lang og relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet
- Erfaring frå budsjett- og rekneskapsarbeid, og gjerne innkjøpsarbeid er ønskeleg
- Gode IKT kunnskapar
- Erfaring frå kommunal sektor vil vere ein fordel
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Evne til å jobbe målretta, strukturert og utviklingsorientert
- Evne til å tenkje heilheit og sjå samanhengar på tvers av ansvarsområde
- Engasjert og løysingsorientert
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Bidra aktivt til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ei meiningsfull og samfunnsnyttig stilling med moglegheit til å påvirke og vidareutvikle kommunen
- Ei stilling med høg grad av sjølvstende og moglegheit for fagleg utvikling
- Eit aktivt arbeidsmiljø med engasjerte arbeidskollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
- Lønn etter avtale
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kontaktinformasjon
John Henrik Welle, Økonomisjef, +47 93406255, john.henrik.welle@sykkylven.kommune.noArbeidsstad
Kyrkjevegen 626230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 5115317616
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461106226
- Sist endret
