Pedagogisk leiar i Syltebøen barnehage
Oppvekst og kultur Fjord kommune
- Frist 10.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Fjord kommune har ledig eit vikariat i Syltebøen barnehage frå 03. august 2026 - 31.07.2027. Tidlegare oppstart kan vere aktuelt og vikariatet kan forlengast.
Syltebøen barnehage har to avdelingar for barn i aldersgruppa 1 til 3 år og to avdelingar for aldersgruppa 3 -6 år. Vi har eit godt arbeidsmiljø, ei godt utdanna personalgruppe og god fagleg utvikling.
Barnehagen ligg sentralt til i Valldal med tilgang til eige uteområde og fine naturleikeplassar i nærområdet. Idrettshall og bibliotek ,som blir aktivt brukt, ligg like ved barnehagen.
Samarbeid med open omsorg i nabobygget, gjer at vi blant anna har tilgang på drivhus og høner på tunet.
Vi er opptekne av at barn, ved hjelp av gode vaksne, skal oppleve vennskap, samhald og respekt i eit trygt, godt og lærande barnehagemiljø.
Søkjarar vert kalla inn til intervju
Arbeidsoppgåver
- Iverksette og leie det pedagogiske arbeidet på avdelingane med godt fagleg skjønn, i tråd med barnehagelov og rammeplan
- Planlegge, vurdere og dokumentere det pedagogiske arbeidet.
- Skape ein barnehagedag med rom for fordjuping i utviklingsarbeid
- Medansvar i arbeidet med HMS
- Gi pedagogisk rettleiing
- Legge til rette for eit godt foreldresamarbeid
- Ansvar for arbeid med planar for barn som har vedtak etter §§ 31 og 37 i barnehagelova
Kvalifikasjonar
- Barnehagelærar eller anna 3-årig pedagogisk høgskoleutdanning med årstudium i barnehagepedagogikk
- Barne- og ungdomsarbeidar eller andre som er under utdanning til å bli barnehagelærar har og høve til å søkje.
- God datakunnskap
- Erfaring frå arbeid med ASK er ønskeleg
- Må kunne norsk godt munnleg og skriftleg - kommunen har nynorsk som målform.
- Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding
Personlege eigenskapar
- Du er sjølvstendig, løysingsorientert og flink til å samarbeide
- Du har erfaring frå fagområdet, arbeider målretta og engasjere andre.
- Du er kreativ og visar initiativ til forbetring/utvikling for deg, kollega og barnehagen totalt.
- Du har positiv innstilling og godt humør
- Du har god digital kompetanse
- Du er ein god rollemodell og flink til å rettleie
Vi tilbyr
- Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
- Pedagogisk tilllegg er per dd. 25 000 NOK.
- Lønn i samsvar med avtaleverk, men du er garantert ei årslønn lik 10 års ansiennitet (kr 596 600) om utdanninga er ferdig
- Pensjonsordning med 2% medlemsinnskot og ca.15% arbeidsgjevarinnskot
Kontaktinformasjon
Torill Brastad, Styrar Syltebøen barnehage, +47 41867881Arbeidsstad
Olavsgata 206210 Valldal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Oppvekst og kultur Fjord kommuneReferansenr.: 5118504009
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 03.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 08.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461032383
- Sist endret
