Vikariat 100% lærar engelsk og tysk
Møre og Romsdal fylkeskommune, Sykkylven vidaregåande skule
- Frist 7.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Skulen lyser ut eit vikariat som lærar i engelsk og tysk frå 1. august 2026. Vi søkjer ein engasjert og fagleg trygg lærar som ønskjer å bidra til god læring, utvikling og trivsel for elevane våre.
Den som blir tilsett, vil få ansvar for planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning i samsvar med gjeldande læreplanar. Stillinga inneber også aktiv deltaking i fagleg samarbeid, pedagogisk utviklingsarbeid og oppfølging av elevar i tråd med skulen sitt samfunnsoppdrag.
Skulen har eit profesjonelt læringsfellesskap der samarbeid, deling og utvikling står sentralt.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i engelsk og tysk
- Planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning
- Tilpassing av opplæringa til elevane sine behov
- Oppfølging av elevar fagleg og pedagogisk
- Samarbeid med kollegaer og deltaking i skulen sitt profesjonsfellesskap
- Deltaking i møte og utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
- Relevant fagleg og pedagogisk utdanning i engelsk og tysk
- Oppfyller krava til undervisningskompetanse i vidaregåande opplæring, jf. forskrift til opplæringslova § 12‑4
- God kjennskap til læreplanverket for vidaregåande opplæring
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å skape gode relasjonar og eit trygt læringsmiljø
Personlege eigenskapar
- Evne til å skape gode relasjonar og eit trygt læringsmiljø
- Strukturert, løysingsorientert og trygg
- Engasjert, initiativrik og opptatt av elevane si læring og utvikling
- God samarbeidsevne og vilje til å bidra i eit fagleg fellesskap
Vi tilbyr
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit framtidsretta fagområde
- Moglegheit for fagleg og pedagogisk utvikling gjennom Erasmus+
- Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i SPK)
- Løn etter gjeldande avtaleverk
Kontaktinformasjon
Barbro O. Midtgård, Rektor, +47 92619045Arbeidsstad
Kyrkjevegen 66230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5117557714
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 07.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460994452
- Sist endret
