1.dekksoffiser - Arsvågen-Mortavika
Maritim Drift, Fjord1 AS
- Frist 18.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe på eit av Norges største samband?
Fjord1 søker no etter ei ambulerande 1.dekksoffiser til sambandet Arsvågen–Mortavika.
I ei ambulerande stilling har du fast turnus og fast løn, men arbeidet vil variere etter behov på dei ulike fartøya i sambandet. Det gir ei god kombinasjon av tryggleik, fleksibilitet og variasjon i jobben. Turnus er 2 veker på og 2 veker fri - ei ordning som gir god balanse mellom jobb og fritid. Under arbeidsperiodan bur du om bord, og reise til og frå arbeidsperioden vert dekka av rederiet.
I denne stillinga får du brei erfaring med manøvrering til og frå kai under krevjande vêrforhold, stor trafikk og høgt tempo. Dette gir eit solid grunnlag for å utvikle verdifull kompetanse innan samarbeid, raske vurderingar og trygg handtering i krevjande situasjonar. Du vil jobbe tett saman med dyktige kollegaer og få innsikt i heile drifta – noko som er svært nyttig i vidare karriere.
Tiltreding etter avtale.
Relevante kandidatar vil bli kontakta fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Leiar for dekksavdeling på si vakt
- Ansvarleg for retting av kart og fyrlister
- Tryggleiksoffiser
- Navigere sjølvstendig på si vakt
- Ettersyn av navigasjonsutstyr
- At navigasjonshjelpemiddel er i samsvar med gjeldande reglar
- At førstehjelpsutstyr er i samsvar med gjeldande reglar
- At brann- og redningsutstyr er i orden og vert vedlikehaldt i samsvar med Amos
- Opplæring av personell
- At lasting og lossing vert utført forsvarleg, delta om naudsynt
- Andre oppgåver iht. stillingsinstruks
Kvalifikasjonar
- Minimum D4-sertifikat
- VHF/ROC-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandteringskurs
- Ferdighetssertifikat vidaregåande IGF
- Gyldig helseattest
- Skandinaviske språkkunnskapar muntlig og skriftlig
Fjord1 dekker IGF kurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.
Personlege eigenskapar
Vi søker ein engasjert og ansvarsbevisst 1.dekksoffiser med gode leiareigenskapar og solid navigasjonskompetanse. Du trivast med å ta ansvar for sikkerheit og operasjonar om bord, samarbeider godt i team, og er opptatt av kvalitet og service. Om desse eigenskapane beskriver deg som person, tar vi gledeleg imot din søknad!
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
- Sjøvakt, 2 veker på og 2 veker av. Ein bur om bord i arbeidsperioden
- Dekka reisekostnader til/frå arbeidsperiode
- Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår!
- Treningsrom om bord i fartøyet
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar
- Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.noArbeidssted
E395561 Føresvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fjord1 ASReferansenr.: 5114673079
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460989993
- Sist endret

