Vil du vera med og utvikle Kviteseid bibliotek og jobbe i heilt nye flotte lokale?
Biblioteksjef
- Frist 15.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Kviteseid folkebibliotek har nyleg flytta til nye, flotte lokale sentralt i Kviteseid sentrum.
Biblioteket er ein viktig møteplass i lokalsamfunnet og skal vera ein god stad å vera for alle innbyggjar og tilreisande frå fjern og nær. Kviteseid ligg sentralt langs E134 med kort veg til aust-, vest- og sørlandet. Me har ei rekkje fritidstilbod i kommunen, som mellom anna alpinanlegg, klatrevegg og ein fabelaktig golfbane. I tillegg har vi eit rikt organisasjonsliv.
Vi kan tilby inntil 80% fast stilling for deg som har kunnskap og interesse for utvikling av bibliotektilbodet.
Biblioteket høyrer organisatorisk til under nærings- og kultursjef. Nærings- og kultursjefen har økonomi og personalansvar for drifta og tilsette i biblioteket.
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.
Arbeidsoppgåver
· Ansvar for dagleg drift av biblioteket
· Syte for gode bibliotektenester i tråd med samfunnet sitt behov og brukarane sine
forventingar
· Leie og utvikle tenestetilbodet som kultur-, møte- og debattarena
· Vera bidragsytar i kultursektoren
Kvalifikasjonar
· Bachelorgrad i bibliotek- og informasjonsfag eller tilsvarande utdanning· Praksis frå jobb i bibliotek
· Gode norskkunnskapar munnleg og skriftlege
· Ved tilsetjing må politiattest leggjast fram, ikkje eldre enn 3 månader
Personlege eigenskapar
·Positiv, utviklingsorientert og engasjert
·Fleksibel, serviceinnstilt og sjølvstendig
·Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne, og god evne til formidling
·God kunnskap i sosiale media
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
· spennande og utviklande stilling
· gode pensjon og forsikringsordningar
· løn etter avtale
Om du ynskjer mindre enn 80% stilling, oppgje ynskje i søknaden. Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Lid, Nærings og kultursjef, +47 35068105, elisabeth.lid@kviteseid.kommune.noArbeidsstad
Kviteseidgata 133850 Kviteseid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kviteseid kommuneReferansenr.: 5116437525
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 15.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460791656
- Sist endret

