Sommarjobb innan plan, teknisk, miljø og samfunnsutvikling
Vestre Slidre kommune
- Frist 6.5.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Sommarjobb 2026
Vestre Slidre kommune har ledige sommarjobbar innan reinhald, vedlikehald og tekniske tenester.
Vi har ulike stillingar og det er mogleg å dele opp stillingane gjennom sommaren slik at det kan kombinerast med ferie/ deltid.
Høyres dette interessant ut?
Send oss ein open søknad innan 6. mai 2026, kanskje er det akkurat deg vi leitar etter!
Kjenner du nokon som dette passar for, så del gjerne!
Arbeidsoppgåver
- Det vil vere mange ulike arbeidsoppgåver som skal løysast, her er eit lite utval:
Reinhald, grasklypping, luking av bed, soping, rydding, måling, samt andre førefallende arbeidsoppgåver.
Kvalifikasjonar
- Det er ynskjeleg med mobilitet for å kome ut til ulike arbeidsstader, men ikkje eit krav.
- Må beherske muntleg norsk.
- Forståing for HMS-arbeid og rutiner.
- Evne til å handtere fysiske arbeidsoppgåver som ein naturleg del av arbeidskvardagen.
Personlege eigenskapar
- Positiv og serviceinnstilt.
- Gode samarbeidsevner.
- Ansvarsbevisst og sjølvstendig.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Eit godt og triveleg arbeidsmiljø.
- Gode forhold for samarbeid og læring.
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
Kontaktinformasjon
Vidar Jernæs Strand, Driftsleiar vaktmester og reinhald, 994 57 827Arbeidsstad
Slidrevegen 162966 SLIDRE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommuneReferansenr.: 5095990676
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 06.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460757229
- Sist endret


