Vi søkjer barnehagelærar til Hildre Montessoribarnehage (2. gangs utlysning)
Hildre Montessoribarnehage As
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Vikariat
Hildre Montessoribarnehage søkjer ein engasjert barnehagelærar i 100% vikariat. Vikariatet varer frå 01.08.2026 til april 2027, med moglegheit for forlenging. Vi er ein liten barnehage i naturnære omgjevnader. Vil du bidra til varme og trygge dagar for barna?
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonar
-
Utdanning som barnehagelærar
-
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
-
Erfaring frå barnehage
-
Interesse for eller nysgjerrigheit på montessoripedagogikk
-
Gode digitale ferdigheiter
-
Gyldig politiattest må leverast før oppstart
Personlege eigenskapar
-
Du er varm, trygg og god på relasjonar
-
Du er fleksibel, løysingsorientert og engasjert -- og trivst i ein barnehage i utvikling
-
Du er open, inkluderande og skapar tillit i møte med barn, foreldre og kollegaer
-
Du kommuniserer godt
-
Du er leiken, aktiv og likar å bruke naturen i arbeidet
-
Du bidreg til eit positivt, profesjonelt og utviklingsorientert arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar og gode referansar vil bli vektlagde.
Arbeidsoppgaver
-
Arbeide med barn 0--6 år i tråd med barnehagelova, rammeplanen og montessoripedagogikken
-
Vere ein aktiv, leiken og observant vaksen som støttar kvart enkelt barn
-
Skape ein trygg og god barnehagedag gjennom varme, leik og tydelegheit
-
Planleggje og gjennomføre aktivitetar i det montessoriforbredte miljøet
-
Bidra til gode lærings- og sosialmiljø i barnegruppa
-
Samarbeide med kollegaer og bidra positivt i det daglege arbeidet
-
Ha godt foreldresamarbeid og kommunisere tydeleg og respektfullt
-
Følgje barnehagen sine rutinar, rettleiing og HMS‑prosedyrar
Vi tilbyr
-
100 % vikariat frå 1. august 2026 som barnehagelærar i eit lite og trygt miljø
-
Lønn etter gjeldande tariff og gode pensjonsordningar
-
Varierte, spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
-
Engasjerte og positive kollegaer, føresette og barnehageeigarar
-
Naturnære omgjevnader, med fine turområde og små barnegrupper
-
Høve til å bli del av eit større montessorimiljø
Det krevst godkjend politiattest før oppstart.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460662554
- Sist endret

