Pedagogisk leiar - 100 % fast
Edland barnehage, Vinje kommune
- Frist 3.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Edland barnehage søkjer ein leiken og engasjert pedagogisk leiar!
Me er den nordvestlegaste barnehagen i Vinje kommune, og er ein av fire kommunale barnehagar. Barnehagen ligg midt i smørauga av norsk natur. Me ligg nær skule, svømmebasseng, bibliotek, sykkelpark, turstiar og ljosløype, og har mange naturmoglegheiter til alle årstider.
I barnehagen er me 17 tilsette. Det er ei god blanding av pedagogar, fagarbeidarar, assistentar og matansvarleg. Alle har mykje og god kunnskap om barn og barns utvikling.
Vil du vera med å skape eit trygt, godt og inkluderande miljø for barn?
Har du evne til å skape gode relasjonar til barn, og eit ynskje om å vera med å forme kvardagen til barn?
Har du lyst til å vera med å utvikle og prege arbeidet i Edland barnehage?
- Då vil me gjerne ha deg med på laget!
Velkomen som søkjar!
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for det pedagogiske arbeidet på avdeling
- Medansvar for det pedagogiske arbeidet i heile barnehagen
- Leiing av dei tilsette på avdeling
- Vera ein del av leiarteamet i barnehagen
- Medansvarleg for dagleg drift av barnehagen
- Ansvar for å skape eit trygt, godt og inkluderande miljø for barna
- Bidra til lærande fellesskap i barnehagen
- Bidra til at barnehagen har eit godt omdømme
Kvalifikasjonar
- Bachelor i barnehagelærar
- Anna relevant pedagogisk utdanning
- Norskferdigheiter jf barnehagelova §27
Personlege eigenskapar
- Du skapar trygge relasjonar
- Du er engasjert og tek initiativ
- Du finn løysingar til det beste for barna i ein travel kvardag
- Du kommuniserer godt med kollegaer, barn, føresette og andre samarbeidspartar
- Du er glad i å vera i aktivitet, både inne og ute
- Du må trivast i ein hektisk kvardag
- Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein barnehage der naturen er tett på - skogen, fjellet og nærmiljøet er vår leikeplass
- Ein kvardag med fokus på leik, opplevingar og utforsking
- Varierte og spanande utfordringar
- Ein arbeidsplass prega av humor og glede
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og moglegheit for å vinne flotte premiar
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Katrine Grindalen, Verksemdsleiar Edland barnehage, +47 41540655Arbeidsstad
Storegutvegen 503895 Edland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 5113819277
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460656180
- Sist endret

