Likar du å spreie matglede? Vi treng deg i kantina!
Anonym arbeidsgiver
- Frist Snarest
Vi søkjer ein fleksibel kantinemedarbeidar til ei deltidsstilling med tilkalling ved behov. Stillinga passar godt for deg som ønskjer ein variert og fleksibel jobbkvardag. Det kan også vere moglegheit for auka arbeid i samband med ferieavvikling, inkludert fulltidsarbeid i sommar under fellesferien.
Arbeidsoppgåver:
Tilbereiing og servering av enkle rettar
Påfylling av varer og klargjering av kantine
Oppvask og reinhald
Bidra til ein hyggeleg og effektiv kantinekvardag
Vi ser etter deg som:
Har godt humør og likar å jobbe med menneske
Er strukturert og arbeider effektivt
Er fleksibel og kan stille opp på kort varsel
Gjerne har erfaring frå kantine, kjøken eller service (ikkje eit krav)
Vi tilbyr:
Ein fleksibel deltidsjobb med tilkalling
Eit hyggeleg og uformelt arbeidsmiljø
Varierte arbeidsoppgåver
God oppfølging frå bemanningsbyrå
Arbeidstid vil variere etter behov, hovudsakleg på dagtid.
Høyrest dette interessant ut? Søk i dag!
Har du spørsmål om stillinga,
ta kontakt med Inger Pedersen på tlf. +47 469 12 415, eller e-post Inger@safebemanning.no
Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460654819
- Sist endret


