Dekkssjef på moderne ferje
Maritim Drift, Fjord1 AS
- Frist 5.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vikariat i 6 månader med moglegheit for forlenging.
Fjord1 har ledig eit 6 månaders vikariat som dekkssjef i sambandet Husavik–Sandvikvåg, p.t. om bord på MF Husavik. Ferja er bygd i 2018 og er eit moderne, stillegåande og miljøvennleg fartøy.
Som dekkssjef får du ei viktig rolle om bord, med ansvar for tryggleik og stabil drift av sambandet. Du vil vere ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving. Stillinga gir verdifull erfaring og gir grunnlag for vidare utvikling mot høgare sertifikat, med opparbeiding av fartstid i fartsområde 3.
Skiftordning: Døgnvakt -12 dagar på og 9 dagar av. I arbeidsperioden jobbar ein eitt døgn på og eitt døgn fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Husavik eller Sandvikvåg, då rederiet ikkje har bofasilitetar det døgnet ein har fri.
Ledig omgåande.
Arbeidsoppgåver
- Overordna ansvar for sikker drift av skip, tydeleg og trygg leiar ovanfor mannskap.
- Ansvar for at fartøy driftast i henhald til styringssystem, lovar og forskrift.
- Bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
- Andre oppgåver i samsvar med stillingsinstruks dekkssjef.
Kvalifikasjonar
- Minimum D3
- ROC/GMDSS-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Ferdighetssertifikat medisinsk behandling
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Rederiet dekkjer krise- og passasjerhandterings kurs for aktuelle kandidatar.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein erfaren og dyktig dekkssjef med sterk forståelse for sikker navigasjon, operativ leiing og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevande situasjoner med ro og besluttsomheit, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Erfaring frå ferjedrift eller tilsvarande vil vera ein fordel.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
- Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Skiftordning: Døgnvakt - 3 skift - 12 dagar på og 9 dagar av
Kontaktinformasjon
Marit Synnøve Kjetland, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47995295, marit.kjetland@fjord1.noArbeidsstad
Fv5465396 Vestre Vinnesvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5116184623
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 05.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460653223
- Sist endret

