Sommarvikarar Brekke barnehage og skule
Gulen kommune
- Frist 4.5.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Sommarvikar i barnehage og på SFO
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Anna
Gulen kommune har behov for ferievikarar ved Brekke barnehage og skule, avdeling barnehagen og SFO. I hovudsak vil det vere snakk om arbeid i slutten av juni/starten av juli og slutten av juli/oppstart av august. Skriv i søknaden din kva veker du kan jobbe og kva avdeling som er ynskjeleg.
Arbeidsoppgåver
- Medverke til at barnehagen og SFO er ei god pedagogisk verksemd
- Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med barna:
- vere til stades for barna
- vere engasjert i barna
- passe på så ingen fell utanfor
- sette deg godt inn i alle rutinar
- andre praktiske oppgåver
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar
- Det er ynskjeleg med relevant utdanning og erfaring, men andre kan også søkje
- Det kan vere ein fordel om søkjar har førarkort kl B
- Gyldig politiattest etter aktuelle lovheimlar
Personlege eigenskapar
- Vi ynskjer ferievikarar som er fleksible, stabile, tar initiativ og ynskjer å bidra til å gje gode tenester til brukarane
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for born og vaksne
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
- Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg infomasjon. Dersom søkjar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
- Løn etter tariff
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460643197
- Sist endret

