Tannpleiar ved distriktstannklinikken Surnadal (vikariat)
Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 4.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Tannpleiar ved distriktstannklinikken Surnadal (vikariat)
Vil du bli ein del av tannhelseteamet vårt i vakre Surnadal på Nordmøre? Vi søker tannpleiar i eitt års vikariat fra 1.8.2026.
Klinikken ligg i kommunesenteret og har 4 behandlingsrom og 5 tilsette.Surnadal er ein vakker kommune på Nordmøre med ca. 6000 innbyggarar. Kommunen tilbyr eit rikt kulturliv, gode turmoglegheiter i variert natur og gode oppvekstvilkår. Reisetid til både regionsenteret Kristiansund og til Trondheim er under to timer. Arbeide og bu i Surnadal - Surnadal kommune - Startsida
Arbeidsoppgåver
Varierte kliniske arbeidsoppgåver med undersøking og behandling av alle pasientgrupper. Forebyggande, helsefremmande tannhelsearbeid, med samarbeid med barnehagar, skolar, institusjonar og andre samarbeidspartar. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som tannpleiar.
- God kommunikasjonsevne på norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg.
- Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.
- Blir motivert av å jobbe for og med menneske.
- Jobbar effektivt og sjølvstendig.
- God samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert.
- Ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø.
- Ein god jobb der du kan utvikle deg
- Lønn etter tariffavtale
- Oppdatert og fin tannklinikk
- Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse
- Trivelege medarbeidarar og godt miljø
- Introduksjonsprogram for alle våre nye kollegaer
- Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg
- Trygge pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest
Alle søknader skal sendes elektronisk via Søk på stilling-knappen på denne siden.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460631554
- Sist endret


