LEDIG VIKARIAT SOM KYRKJELYDSARBEIDAR (50 %)
Sirdal kyrkjelyd
- Frist 3.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
LEDIG VIKARIAT SOM KYRKJELYDSARBEIDAR (50 %)
Vil du jobbe med noko meiningsfylt? Då ser me gjerne at du søker jobb hos oss! Kyrkja i Sirdal har ledig eit 50 % vikariat som kyrkjelydsarbeidar for perioden 01. august 2026 til 30. juni 2027.
Arbeidsoppgåver vil vere planlegging og gjennomføring av barne- og ungdomsaktivitetar, slik som til dømes familiegudstenester, ungdomsklubb, søndagsskule og samarbeid med skule og barnehage. Arbeidsoppgåvene vil bli forma ut frå kompetanse og interesse, og i samarbeid med annan kyrkjelydsarbeidar.
Kvalifikasjonar Men ønskjer oss ein kyrkjelydsarbeidar som:
-
er glad i å vere saman med barn og unge
-
har gode samarbeidsevner
-
kan jobbe sjølvstendig og strukturert
-
er kreativ og nytenkande
Det vil vere flott å ha erfaring frå kyrkjelyd- og/eller organisasjonsarbeid. Det er krav om politiattest før tiltreding i stillinga.
Løn etter tariff.
Søknad og CV sender du til: post.sirdal@kyrkja.no
Søk på stillingen ved å klikke på “Søk på stilling” knappen på høyre side.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460631279
- Sist endret


