Fagkoordinator/miljøterapeut vikariat
Seksjon båre, Herøy kommune, Bu- og habiliteringsavdelinga
- Frist 8.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Er du den som ser løysingar framfor avgrensningar, som står opp for det du meinar og tek ansvar for eigen arbeidskvardag?
Vi søker helsepersonell med høgskuleutdanning som ynskjer moglegheita til å snakke med, støtte og motivere brukarane våre, samtidig som du får jobbe på systemnivå. Er du den vi ser etter?
Bu- og habilitering har ledig vikariat, 100 prosent som miljøterapeut i seksjon båre, der 20% av stillinga er knytt til fagkoordinatorolla. Vikariatet er ledig frå 03.08.2026, men det kan vere aktuelt med tidlegare oppstart. Vikariatet er ledig til 31.03.2027, med mogleg forlenging.
Seksjon båre inngår som tre seksjonar i avdeling bu og habilitering, og høyrer til sektor helse- og meistring i kommunen. Bu og habilitering har ansvar for tenester til menneske med utviklingshemming og andre funksjonsnedsettingar som har behov for bistand i eigen heim.
Arbeidet er for tida i todelt turnus og har 35,5 timers arbeidsveke. For tida er det arbeid kvar fjerde helg. Arbeidstida kan organiserast på lange vakter i turnus, og ein fast dag i veka er knytt til fagkoordinatorrolla.
Arbeidsoppgåver
- fagleg rådgjeving og tilgjengeleg ressurs for andre tilsette
- koordinere arbeidsgrupper, rutiner og opplæring på arbeidsplassen
- sakshandsaming
- samarbeide med seksjonsleiar og må kunne ta ansvar i seksjonsleiar sitt fråvær
- kan verte pålagd å fungere som primærkontakt i periodar der ein ikkje har anna personale til å fylle rolla
- arbeid med elektronisk arbeidsplanverktøy, ajourhald og medverke i turnusarbeidet
- ansvar for å utarbeide og evaluere vedtak etter kapittel 9 i Helse - og omsorgstenestelova, saman med leiar og primærkontakter
- legemiddelhandtering
- bistand til daglege gjeremål og fritidsaktivitetar
- målretta miljøterapautisk arbeid
- journalføring
Kvalifikasjonar
- autorisert vernepleiar eller sjukepleiar er å foretrekke, andre søkarar med helse- og sosialfagleg bakgrunn kan bli vurdert
- relevant erfaring innan liknande arbeid
- kunnskap og erfaring i sakshandsaming
- har kunnskap om ulike IKT verktøy og velferdsteknologi, og kan bruke dette som arbeidsverktøy, t.d Gerica og Visma Flyt Ressursstyring
- kjennskap og erfaring til Helse og omsorgstenestelova kapittel 9
Godkjent politiattest må leggjast fram før tilsetjing.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Det er krav om førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
- gode samarbeids- og relasjonseigenskapar, og evne til å skape entusiasme og motivere kollegaer
- vere med å skape mål og visjonar for tenesta
- vere fleksibel og arbeide strukturert og målretta
- gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg
- ha evne til å vere inkluderande, handlekraftig, påliteleg, ta initiativ og ha gjennomføringsevne
- må kunne handtere og stå i komplekse utfordringar innan eit breitt og krevande ansvarsområde
- sette pris på å arbeide med, og i lag med mennesker
Vi legg vekt på at søkjaren er personleg eigna for stillinga.
Vi tilbyr
- utfordrande, varierte, interessante arbeidsoppgåver og gode kollegaer
- deltaking i bu og habilitering si faggruppe, saman med andre fagkoordinatorar og leiing
- fagleg godt miljø med yrkesgruppe som vernepleiar, sosionom, barnevernspedagog og fagarbeidar
- løn etter gjeldande tariffavtale
- gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
- IA-bedrift
- stipendordningar ved vidareutdanningar som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg
- elektroniske kurs gjennom Norsk Helseinformatikk (NHI) og Visma Veilederen
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkjarlista kan verte offentleggjort. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.
Kontaktinformasjon
Marita Zahl Tarberg, Seksjonsleiar, +47 70081300, marita.zahl.tarberg@heroy.kommune.noArbeidsstad
Sjukeheimsvegen 66092 FOSNAVÅG
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 5091918331
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 17.08.2026
Søknadsfrist: 08.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460211235
- Sist endret
