Vikar rådgivar kommunal planlegging
Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 27.04.2026
- Ansettelsesform Engasjement
- Årslønn 600 000 - 750 000 kr
Vikar rådgivar kommunal planlegging
Ønskjer du å jobbe med planlegging, vere ein del av eit planfagleg miljø med fleire planleggarar og vere med å utvikle kommunane i Møre og Romsdal? Ved seksjon for plan har vi ledig eit 12 månaders vikariat i 100 % stilling som rådgivar i kommunal planlegging.
Arbeidsoppgåver
- Samordne innspela frå dei ulike ansvarsområda i fylkeskommunen i eit felles brev med ei tilråding
- Gjennom ordninga med plansamordning arbeider rådgivaren tett med andre avdelingar i
fylkeskommunen - Ha dialog med kommunane om konkrete saker, svare på spørsmål og delta på synfaringar hos
kommunane i fylket ved behov - Skrive saksframlegg til fylkesutval i saker der fylkeskommunen reiser motsegn
- Delta i utviklingsarbeid i fylket der plankompetanse er etterspurt
- Oppgåvene kan tilpassast noko etter kompetansen til den som får vikariatet
Høve til rask tilsetting vil bli vektlagt.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning på bachelor eller masternivå innan arealplanlegging eller samfunnsplanlegging. Også annan utdanningsbakgrunn kan vere aktuelt dersom ein har erfaring frå arbeid med planlegging
- God kjennskap til plan og bygningsloven med tilhøyrande forskrifter og anna relevant lovverk
- Gode digitale ferdigheiter
- God forståing av skilje mellom politikk og administrasjon
- Det er ein fordel å ha kunnskap om kommunane i Møre og Romsdal
Personlege eigenskapar
- Er positiv, serviceinnstilt og har gode samarbeidsevner
- Kommuniserer godt, både munnleg og skriftleg
- Er ansvarleg, strukturert og arbeider målretta
- Er samfunnsinteressert
Vi tilbyr
- Eit tverrfagleg og utviklande arbeidsmiljø
- Interessante og kompetansegivande oppgåver, som m.a. gir god innsikt i ulike samfunnsområde og det politiske systemet
- God tilgang til faglege nettverk
- Ein arbeidsgivarpolitikk med satsing på vekst og fagleg utvikling av leiarar og medarbeidarar
- Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- Løn etter avtale
FerdigheterAI-generert
- Arealplanlegging
- Endringsarbeid og bidra til utvikling av plansaksbehandlingen
- Kjennskap til lovverk og regelverk
- Offentlig administrasjon og forvaltning
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Julsundvegen 9, 6412 Molde
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Arkitektur, areal og interiør, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Arealplanlegger, Planlegger, Samfunnsviter
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Arealplan, Samfunnsplan, Samfunnsvitar, Samfunnsviter
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460134543
- Sist endret


