Pedagogisk leiar
Ombo barnehage (7), Stavanger kommune
- Frist 24.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du utdanna barnehagelærar/førskulelærar og ønskjer å vere med og forme framtida, samstundes som du er den varme og tydelege vaksne som møter barna våre kvar dag? Då bør du søkje stillinga som pedagogisk leiar ved Ombo oppvekstsenter.
Om arbeidsplassen
Ombo oppvekstsenter er ein liten, men mangfaldig arbeidsplass med barnehage, SFO og barneskule samla under eitt tak. Me har to aldersblanda klassar med totalt 19 elevar frå 1.–7. trinn, og til saman 10 engasjerte tilsette i barnehage, skule og SFO som saman skaper eit trygt og utviklande miljø for barn og elevar.
Oppvekstsenteret ligg på vakre Ombo – den største øya i Stavanger kommune – midt i Ryfylke sitt øyparadis. Her er naturen tett på, og gir unike moglegheiter for varierte aktivitetar i barnehagen.
Arbeidsoppgaver
- Pedagogisk leiar har det administrative og pedagogiske ansvaret for si avdeling, med ansvar for planlegging, gjennomføring og vurdering av alle sider ved arbeidet på avdelinga etter gjeldande planar og vedtak.
- Det pedagogiske ansvaret omfattar tilrettelegging for spesialpedagogisk arbeid og for arbeidet som blir utført av eksterne samarbeidspartnarar. Dette inneber òg rapportering og oppfølging av barn med særlege behov.
- Samarbeid med andre instansar som PPT, ressurssenteret for styrkt barnehagetilbod, fysioterapitenesta, barnevernstenesta m.m.
- Deltek i utarbeidinga og planlegginga av barnehagen sine overordna planar og innhald, og har ansvaret for gjennomføring på eiga avdeling.
- Bidreg i planlegging og gjennomføring av personalmøte og planleggingsdagar i samarbeid med avdelingsleiar.
- Har hovudansvar for foreldresamarbeidet på avdelinga og for at dette blir følgt opp.
- Bidreg til at Stavanger kommune og verksemda si visjon og verdigrunnlag er ein sentral del av arbeidet i barnehagen, og opptrer som eit førebilete.
- Har rettleiings- og formidlingsansvar overfor det øvrige personalet i verksemda/avdelinga når det gjeld det pedagogiske og metodiske arbeidet.
- Hovudansvar for å legge til rette for godt samarbeid internt på avdelinga og på tvers av avdelingar.
- Fordeler ansvar og arbeidsoppgåver til personalet slik at både gruppa, det enkelte barnet og den enkelte medarbeidaren sine utviklingsmål blir nådde.
- Ansvar for å ta imot og følge opp nytt personale og vikarar på avdelinga.
- Ansvar for at avdelinga sine planar og drift er i tråd med verksemda sine HMS-rutinar.
- Medansvar for at barnehagen sine ressursar (personale, utstyr og økonomiske) blir forvalta forsvarleg og riktig – med særleg ansvar for eiga avdeling.
- Kan bli pålagt å vere praksislærar for studentar som tek barnehagelærarutdanning.
- Stedfortredarteneste for avdelingsleiar kan bli aktuelt.
Kvalifikasjoner
- Godkjend barnehagelærarutdanning.
- Evne til å gi personalet på avdelinga ei tydeleg kjensle av retning, inspirere og fordele oppgåver slik at avdelinga og barnehagen sine mål blir nådde.
- Kan samarbeide godt med andre; deler kunnskap, erfaringar og informasjon, og støttar andre for å nå avdelinga og barnehagen sine mål.
- Har interesse for og forståing av samfunnsoppdraget og fagområdet.
- Personlig egnethet og referansar vil bli lagt stor vekt på i ansettelsen.
Personlige egenskaper
- Du er innstilt på samarbeid og har evne til å arbeide i team.
- Du er fleksibel og har godt humør.
- Du har gode evner til å byggje relasjonar og trivst saman med barn.
- Du er oppteken av barnets tryggleik, der utvikling og læring står i sentrum.
- Du er engasjert, kreativ og løysingsorientert.
- Vi er ei lita personalgruppe, noko som stiller høge krav til kvar enkelt. Ein må ha gode relasjonelle ferdigheiter.
Vi tilbyr
- Moglegheiter for å forme eiga arbeidshverdag etter interesser og kompetanse.
- Eit engasjerande og inspirerande arbeidsmiljø.
- Løn i samsvar med KS hovudtariffavtale.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande verksemd (IA-bedrift).
- Stavanger kommune har eit generelt tillegg til pedagogiske leiarar på kr 41 000 årleg.
- Pedagogiske leiarar med utdanning som barnehagelærar får i tillegg eit arbeidsstadstillegg på kr 50 000 per år. Dette gjer vi for å rekruttere og behalde kompetent arbeidskraft på dei ikkje-landfaste øyane i Finnøy kommunedel.
Kontaktinformasjon
Ruben Fjell, Avdelingsleiar, 94136667, ruben.fjell@stavanger.kommune.noArbeidssted
Eidevegen 44187 Ombo
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Stavanger kommuneReferansenr.: 5113754900
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.04.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460126452
- Sist endret


