Fagarbeidar/Assistent
ØNH ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 3.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Audiopedagogisk poliklinikk ved ØNH, Ålesund sjukehus søker ein fleksibel og engasjert fagarbeidar som tilkallingsvikar, med oppstart snarast.
Vi følgjer opp barn med nedsett høyrsel i heile Møre og Romsdal, og tilbyr både individuell rettleiing og gruppetilbod. Som fagarbeidar hos oss vil du bidra i gjennomføringa av gruppeaktivitetar for barn med høyrselsutfordringar, der vi legg til rette for leikbaserte, språk- og høyrselsstimulerande oppgåver. Du deltek i observasjon av barna, støttar dei i aktivitetane og samarbeidar tett med barnehagelærarar og øvrig fagpersonell for å gi eit trygt og utviklande tilbod.
Stillinga passar for deg som likar å jobbe med barn, er god på kommunikasjon og trivst i eit tverrfagleg miljø.
Arbeidsoppgåver
Som vikar vil arbeidsoppgåvene variere etter behov, men typiske oppgåver kan vere:
- Bidra til tryggleik, leik og trivsel for barna
- Delta i ulike aktivitetar som er planlagde
- Bistå ved måltider, påkleding og stell
- Gjere praktiske oppgåver som vask av leiker, rydde og tilretteleggje for ny veke
- Vere med å observere barna i leik og daglege rutiner
- Delta på ulike møte
Kvalifikasjonar
- Utdanna fagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar med fagbrev
- Erfaring kan kompensere for manglande utdanning
- Erfaring frå arbeid i barnehage er ein fordel
- Erfaring frå arbeid med barn som har spesielle behov eller evt. nedsett høyrsel er ønskeleg, men ikkje et krav
- Gode norsk kunnskapar
- Du må kunne framvise politiattest
Personlege eigenskapar
- Evne til å sjå det enkelte barn og støtte det i kvardagen
- Vere god i samspel med barn
- Vere trygg, varm og til stades for barna
- Sjå moglegheiter
- Kunne ta imot rettleiing og ha eit ønske om å lære om fagfeltet
- Kunne arbeide i team med ulike faggrupper
- Personleg eignaheit blir vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Godt arbeidsmiljø
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Kontaktinformasjon
Monika Dahl Berget, Seksjonsleiar, +47 70105271, Monika.Berget@helse-mr.noVibeke Marie Røvik, Spesialpedagog, +47 70106076
Arbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5045251135
Søknadsfrist: 03.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460016198
- Sist endret

