Sekretær/helsesekretær
AVDELING FOR RADIOLOGI SNR, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 29.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Har du eit ønskje og ein ambisjon om å bli helsesekretær/sekretær for eit sterkt fagmiljø og flotte tilsette i Helse Møre og Romsdal?
Vi søkjer no etter ein helsesekretær/sekretær i 100 % fast stilling ved avdeling for radiologi SNR Kristiansund.
Radiologi SNR er ei avdeling med høg aktivitet innan undersøkingar som MR, CT, ultralyd, intervensjon, mammografi, DEXA og røntgen. Vi gjennomfører om lag 100 000 undersøkingar årleg, og avdelinga har om lag 100 tilsette fordelt på minst 2 lokasjonar.
Vi søkjer deg som trivst med ulike merkantile oppgåver, både i samarbeid med kollegaer og i møte med pasientar. Du må vere lærevilleg og handtere arbeidsdagar med høgt tempo. Vi ynskjer oss nokon som kan medvirke positivt i avdelinga, både fagleg og sosialt.
Høyrest dette lovande ut? Send oss ein søknad, vi vil gjerne høyre frå deg! Oppstart etter nærmere avtale.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden/CV.
Arbeidsoppgåver
- Betening av telefon
- Registrering av pasientar ved ankomst
- Kassaregistrering
- Administrering av ventelister
- Oppsett av timeavtalar
- Andre førefallande kontorarbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsesekretær er ein fordel, ellers relevant erfaring som sekretær
- Relevant praksis
- God IT- kompetanse
- Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst, nøyaktig og strukturert
- Serviceorientert
- Kunne arbeide både sjølvstendig og i team
- Engasjert og initiativrik til å stå på i eit spennande og hektisk miljø
- Evne til omstilling og interesse for kompetanseheving
- Gode samarbeidsevner og personleg eignaheit vil bli vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er ei perle på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.
Kontaktinformasjon
Karin Krogsæter Sørli, Seksjonsleiar, 71116079, Karin.Krogseter.Sorli@helse-mr.noArbeidssted
Herman Døhlens vei 16508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5109448327
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.04.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460014730
- Sist endret



