Vil du vere styrar ved Loar barnehage?
Lom Kommune Sentraladministrasjon
- Frist 3.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Det er frå 01.08.26 ledig 100 % stilling som styrar i Loar barnehage. Søknadsfrist 03.05.2026
Lom kommune har behov for ein utviklingsorientert og dyktig styrar i Loar barnehage, med vilje og evne til å arbeide målretta for å nå kommunen sine felles mål og satsingsområde.
Arbeidsoppgåver-
Leie og vidareutvikle barnehagen pedagogisk, personalmessig og administrativt i tråd med Lov om barnehagar og forskrifter (rammeplan).
-
Rekruttere nye tilsette ved behov
-
Forvalte personal- og budsjettressursar innanfor gjevne fullmakter.
-
Sikre at internkontroll, HMS-arbeid og bruk av kvalitetssystem er i tråd med overordna føringar og mål.
-
Ha overordna ansvar for forsvarleg dagleg drift.
-
Sikre eit godt samarbeid med føresette og andre aktuelle instansar.
-
Bidra inn i utviklinga av <>, i tett samarbeid med Garmo barnehage.
-
Barnehagelærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning.
-
Styrarutdanning eller anna vidareutdanning innan leiing, eller leiarerfaring er ynskjeleg og vil bli vektlagt.
-
Solid kjennskap til barnehagelova og rammeplanen.
-
Erfaring med, og evne til, systematisk utviklingsarbeid og kvalitetsforbetring.
-
God økonomiforståing.
-
God systemforståing kring tverrfagleg samarbeid og -samhandling.
-
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Vil legg særleg vekt på at du:
-
er ein tydeleg og fagleg sterk leiar som ser samanhengen mellom det fysiske og psykososiale miljøet og barna sin leik, læring og utvikling.
-
er trygg i leiarrolla og tydeleg i forventningar og retning.
-
har god relasjonskompetanse og skaper tillit hjå barn, føresette, tilsette, kollegaer og eksterne aktørar.
-
evnar å samle medarbeidarar om felles mål og retning.
-
er utviklingsorientert og har gjennomføringsevne.
-
handterer krevjande situasjonar og uføreseielege hendingar med ro og struktur
-
Ein spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø med høg kompetanse.
-
Støttefunksjonar innan personal, økonomi og IT.
-
Løn etter avtale.
-
Gode moglegheiter for fagleg utvikling gjennom vidareutdanning eller andre kollektive utviklingsarbeid.
-
Sletting av studiegjeld i høve statlege føringar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 459775561
- Sist endret
