Driftsleiar – Skjærgårdstjenesten i Møre og Romsdal
Sunnmøre Friluftsråd KO
- Frist 3.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du sjøvant, løysingsorientert og klar for ein meiningsfull leiarjobb i skjergarden?
Skjærgårdtjenesten i Møre og Romsdal søkjer driftsleiar med ansvar for dagleg drift, båtoperasjonar. Du blir del av eit lag med dyktige kollegaer, jobb i noko av den flottaste kystnaturen Noreg har å by på.
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonar
-
Sertifikat som dekksoffiser klasse 6 (D6)
-
Gyldig tryggleikskurs (STCW)
-
Krankurs er ein fordel
-
Stroppe- og anhukarkurs er ein fordel
-
Førarkort klasse B (vilje til å utvide til BE)
-
Relevant utdanning frå teknisk fagskule, høgskule eller universitet
-
Erfaring frå maskin/motor og handverksbakgrunn er ein fordel
-
God skriftleg og munnleg framstillingsevne
-
Grunnleggande datakunnskap
Vi forventar også at du
-
Kommuniserer godt på norsk og nyttar tilgjengelege digitale hjelpemiddel
-
Har god forståing for og identifiserer deg med samfunnsoppdraget vårt: å leggje til rette for eit aktivt, inkluderande og trygt friluftsliv for alle
-
Har evne til å prioritere, skape struktur og handtere ein hektisk kvardag
-
Er løysingsorientert og serviceinnstilt, og forvaltar ansvaret som følgjer stillinga
-
Har gode samarbeidsevner, både internt, i møte med samarbeidspartnarar og i samspel med frivillige
Arbeidsoppgaver
Basisoppgåver i Skjærgårdstjenesten
-
Reparasjon og vedlikehald av bryggeanlegg og annan infrastruktur i statleg sikra friluftsområde
-
Sesongarbeid knytt til sikring av badeområde
-
Skjøtsel og transport i samband med Statens naturoppsyn
-
Skjøtsel av statlege friluftsområde i samarbeid med kommunane
-
Strandrydding og samarbeid knytt til marin forsøpling
-
Samarbeid med kommunane i Møre og Romsdal, fylkeskommunen og frivillige organisasjonar
-
Beredskapssamarbeid med andre etatar i skjergarden
Arbeidsoppgåver som driftsleiar
-
Overordna ansvar for dagleg drift av Skjærgårdstjenesten, inkludert økonomistyring og rapportering
-
Operativ leiing, med aktiv deltaking i praktiske arbeidsoppgåver i skjergarden
-
Bidra i basisoppgåvene innan oppsyn, vedlikehald, renovasjon og strandrydding
-
Representere Skjærgårdstjenesta i dialog med samarbeidspartnarar og myndigheiter
-
Utarbeide og sende søknader om tilskot frå statlege, fylkeskommunale og regionale aktørar
-
Delta i og bidra til folkehelseprosjekt knytt til sjønært friluftsliv
-
Representere tenesta på relevante regionale og nasjonale samlingar
-
Andre oppgåver kan bli lagde til stillinga etter avtale
Vi tilbyr
-
Varierte, utfordrande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit samfunnsnyttig oppdrag
-
Moglegheit til å påverke og forme eigen arbeidskvardag i tett samarbeid med dyktige kollegaer, driftsstyret for Skjergardstenesta og dagleg leiar i friluftsrådet
-
Eit sterkt fagmiljø med engasjerte medarbeidarar
-
Gode høve for fagleg utvikling, ansvar og vekst
-
Deltaking i regionale og nasjonale fagnettverk
-
Fleksibel arbeidstid, løn etter avtale og medlemskap i KLP
Annonseinformasjon
- FINN-kode 459758567
- Sist endret