Tilkallingsvikarar til barnebustad og avlastning
Tenesteområde Butenester
- Frist 28.6.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Butenesta i Haram søker tilkallingsvikarar på dag, kveld, natt og helg i barnebustad og barneavlastning. Vi søker etter miljøterapeut, sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar og barn og ungdomsarbeidar. Assistentar som er i eit utdanningsløp kan også søke. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju fortløpande.
Vi har hovudkontor i Brattvåggata 19. Haram bustader yter i hovudsak tenester til menneske med psykisk utviklingshemming. Vi har fokus på fagutvikling og kompetanseheving. Hos oss får du jobbe i eit miljø som er opptatt av samarbeid, tryggleik og utvikling. Butenesta er god på punkttenester.
Butenesta skal i ein 4-års periode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til Rettleiaren "Gode helse-og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som miljøterapeut får du vere ein del av dette arbeidet. I 2025 har avdelinga vore med i prosjektet TØRN.
Stillingane er ledig omgåande.
Haram bustader består av tre avdelingar: Haram bustader 1 som består av bustader, Haram bustader 2 som består av bustader, Solbakken bukollektiv og dagsenter. Vi har også ei avdeling som består av barnebustad og barneavlastning.
Miljøterapeutane i alle avdelingane kan samarbeide på tvers. Vi har jevnleg miljøterapeutmøte der ein kan dele og søke kunnskap med kollegaer. Vi har ei tverrfagleg samansett personalgruppe med ulik utdanning og kompetanse.
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ønsker å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil kreve nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid.
- Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønsker.
- Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette.
- Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar.
- Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk.
- Utarbeide, oppdatere og følge opp tiltak og planar etter vedtak og behov.
- Rettleiingsansvar, både i gruppe og på individnivå.
- Legemiddelhandtering
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar eller anna treårig høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag. Helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar og assistentar som er i eit utdanningsløp kan også søke.
- Erfaring med å jobbe tverrfagleg og i team.
- Erfaring i helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.
- Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg.
- Førarkort kl. B.
- Erfaring frå arbeid med barn.
- Erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Viser initiativ og er kreativ.
- Er kunnskapsrik og fagleg oppdatert.
- Har ønske om å utvikle deg og tileigne deg ny kunnskap og erfaring.
- Er pliktoppfyllande og sjølvgåande.
- Har stor arbeidskapasitet og er ein utprega omsorgsperson.
- Evnar å bygge relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
- Evnar å skape engasjement og har gode haldningar og moral.
- Er ein lagspelar som bidrar til at felles mål blir nådd.
- Er lojal og stabil.
Vi tilbyr
- Ein kjekk arbeidsplass med moglegheit for personleg og fagleg utvikling.
- Rom for å vere kreativ.
- Løn etter gjeldande tariffavtale.
Kontaktinformasjon
Amanda Kristin Rise, Avdelingsleiar barnebustad og avlastning, 91161215, Amanda.Kristin.Rise@haram.kommune.noLinn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Ulvestadvegen 66265 Vatne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5105672128
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Startdato: 20.04.2026
Søknadsfrist: 28.06.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 459752403
- Sist endret


