Driftsleiar
Sunnmøre friluftsråd
- Frist 3.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Driftsleiar – Skjærgårdstjenesten i Møre og Romsdal
Er du sjøvant, løysingsorientert og klar for ein meiningsfull leiarjobb i skjergarden?
Skjergårdstenesten i Møre og Romsdal søkjer driftsleiar med ansvar for dagleg drift, båtoperasjonar og samarbeid langs heile kysten. Du blir del av eit lag med dyktige kollegaer, jobbar i noko av den flottaste kystnaturen Noreg har å by på, og møter andre med eit sterkt engasjement for å ta vare på og vidareutvikle dei sjønære friluftsområda.
Arbeidsstad
Arbeidsstaden er hovudkontoret til Sunnmøre friluftsråd (for tida på Digerneset i Ålesund) og om bord i arbeidsbåtane.
Operativt arbeid vil vere spreidd rundt i heile fylket og vil medføre noko reise og logistikk knytt til både arbeidstid og arbeidsstad.
Basisoppgåver i Skjergårdstjenesten
Reparasjon og vedlikehald av bryggeanlegg og annan infrastruktur i statleg sikra friluftsområde
Sesongarbeid knytt til sikring av badeområde
Skjøtsel og transport i samband med Statens naturoppsyn
Skjøtsel av statlege friluftsområde i samarbeid med kommunane
Strandrydding og samarbeid knytt til marin forsøpling
Samarbeid med kommunane i Møre og Romsdal, fylkeskommunen og frivillige organisasjonar
Beredskapssamarbeid med andre etatar i skjergarden
Arbeidsoppgåver som driftsleiar
Overordna ansvar for dagleg drift av Skjærgårdstjenesten, inkludert økonomistyring og rapportering
Operativ leiing, med aktiv deltaking i praktiske arbeidsoppgåver i skjergarden
Bidra i basisoppgåvene innan oppsyn, vedlikehald, renovasjon og strandrydding
Representere Skjergårdstjenesten i dialog med samarbeidspartnarar og myndigheiter
Utarbeide og sende søknader om tilskot frå statlege, fylkeskommunale og regionale aktørar
Delta i og bidra til folkehelseprosjekt knytt til sjønært friluftsliv
Representere tenesta på relevante regionale og nasjonale samlingar
Andre oppgåver kan bli lagde til stillinga etter avtale
Kvalifikasjonar
Sertifikat som dekksoffiser klasse 6 (D6)
Gyldig tryggleikskurs (STCW)
Krankurs er ein fordel
Stroppe- og anhukarkurs er ein fordel
Førarkort klasse B (vilje til å utvide til BE)
Relevant utdanning frå teknisk fagskule, høgskule eller universitet
Erfaring frå maskin/motor og handverksbakgrunn er ein fordel
God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Grunnleggande datakunnskap
Vi forventar også at du
Kommuniserer godt på norsk og nyttar tilgjengelege digitale hjelpemiddel
Har god forståing for og identifiserer deg med samfunnsoppdraget vårt: å leggje til rette for eit aktivt, inkluderande og trygt friluftsliv for alle
Har evne til å prioritere, skape struktur og handtere ein hektisk kvardag
Er løysingsorientert og serviceinnstilt, og forvaltar ansvaret som følgjer stillinga
Har gode samarbeidsevner, både internt, i møte med samarbeidspartnarar og i samspel med frivillige
Vi tilbyr
Varierte, utfordrande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit samfunnsnyttig oppdrag
Moglegheit til å påverke og forme eigen arbeidskvardag i tett samarbeid med dyktige kollegaer, driftsstyret for Skjergårdstjenesten og dagleg leiar i friluftsrådet
Eit sterkt fagmiljø med engasjerte medarbeidarar
Gode høve for fagleg utvikling, ansvar og vekst
Deltaking i regionale og nasjonale fagnettverk
Fleksibel arbeidstid, løn etter avtale og medlemskap i KLP
Vil du vite meir?
For nærare informasjon, ta kontakt med:
Hans E. Pilskog Dagleg leiar, Sunnmøre friluftsråd tlf.: 90 81 50 35
Christian Ødegaard Konstituert driftsleiar, Skjærgårdstjenesta i Møre og Romsdal tlf.: 45 76 66 66 Søknadsfrist, 3. mai. 2026.
Send søknad og CV digitalt til post@friluftsraadet.no
Ferdigheter
- Maritim vedlikeholdskompetanse
- Økonomistyring
- STCW Grunnleggende sikkerhetskurs for sjøfolk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Sunnmøre friluftsråd er eit interkommunalt oppgåvefellesskap eigd av kommunane på Sunnmøre og Vestnes kommune.
Rådet er blant dei eldste friluftsråda i landet og arbeider for eit berekraftig, inkluderande og naturvennleg friluftsliv, med folkehelse som grunnlag.
Vi fungerer som kompetansesenter for kommunane og arbeider med rådgiving, tilrettelegging og drift av friluftsområde, kurs og aktivitetar, marin forsøpling og Skjergardstenesta i Møre og Romsdal.
Styrking av folkehelsa gjennom aktivitet og inkludering ligg til grunn for alt vi gjer.
Sunnmøre friluftsråd har personal- og økonomiansvar for Skjergardstenesta i Møre og Romsdal.
Tenesta blir driven i tett samarbeid med kommunane i fylket, Fylkeskommunen og vår gode samarbeidspartnar, Nordmøre og Romsdal Friluftsråd.
Skjergardstenesta har eige driftsstyre.
Skjergardstenesta disponerer for tida tre arbeidsbåtar, Rigmor, Havørn og Sandtangen, som er kjerneverktøy i den operative drifta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Stettevegen 73, 6260 Skodje
- Bransje: Organisasjoner
- Stillingsfunksjon: Dekksoffiser, Håndverker, Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
friluftsliv, arbeidsbåt, driftsleiar, skjærgårdstjenesten, operativ leiing
(1/6)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 459747843
- Sist endret
