Leiar i styrka barnehage (fagteam) og Sørhellet barnehage
Klepp kommune
- Frist 26.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Leiar i fagteamet og Sørhellet barnehage
Bli med og leie eit fagmiljø som gjer ein forskjell – kvar einaste dag
Vil du vere med og forme framtida for barn i Klepp kommune?
Som leiar for Sørhellet barnehage og styrka barnehage (fagteamet) får du ei heilt sentral rolle i å utvikle eit inkluderande, kompetent og framtidsretta barnehagetilbod. Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer å kombinere strategisk leiing med tett kontakt med praksisfeltet – og som brenn for kvalitet, mangfald og tidleg innsats.
Sørhellet barnehage – eit sterkt fagmiljø med hjartet på rett stad
Sørhellet barnehage er ein kommunal, tilrettelagt barnehage midt i Klepp sentrum, med plass til om lag 75 barn. Her møter du eit personale med høg fagleg kompetanse, eit stort engasjement og eit sterkt verdigrunnlag. Barnehagen er sertifisert som Marte Meo-barnehage, og arbeider målretta med relasjonskompetanse, tryggleik og utviklingsstøtte for alle barn. Som leiar får du vere med og vidareutvikle eit miljø som er kjent for varme, profesjonalitet og eit brennande ønske om å skape gode kvardagar for barn med ulike behov.
Fagteamet – eit kraftsenter for kompetanse og inkludering.
Fagteamet arbeider ute i alle barnehagane i Klepp kommune, og er ein nøkkelaktør i arbeidet med å sikre at barn med behov for ekstra støtte får delta og trivast i det ordinære barnehagetilbodet.
Teamet har eit breitt samfunnsoppdrag og jobbar med:
• språkarbeid i alle barnehagar, inkludert støtte til flerspråklige barn
• rettleiing og kurs for tilsette for å styrke allmennpedagogisk praksis
• kompetanseheving innan inkluderande pedagogikk og tidleg innsats
• utvikling og drift av Marte Meo arbeidet i kommunen
• myndigheitsoppgåver knytt til vurderingar, vedtak og oppfølging av spesialpedagogiske tenester
Her møter du eit lag av erfarne og høgt kvalifiserte fagpersonar som arbeider kunnskapsbasert, tverrfagleg og med stor fagleg stoltheit.
Arbeidsoppgåver
Som leiar vil du ha det daglege ansvaret med ulike oppgåver og ansvarsområde.
- Barnehagefagleg leiing
- Fagleg innhald og retning
- Pedagogisk utviklingsarbeid
- Økonomiansvar
- Personalansvar
- Utvikle barnehagen og fagteamet i tråd med overordna nasjonale og lokale føringar
- Fatte vedtak
- Rettleiing og oppfølging av tilsette
- Tett samarbeid med andre hjelpeinstansar
Kvalifikasjonar
Vi søker ein leiar med solid fagleg og pedagogisk kompetanse, og med evne til å skape utvikling og retning:
- Godkjent 3-årig høgskuleutdanning som gir barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse
- Styrarutdanning eller anna relevant leiarutdanning
- Det er ønskeleg med vidareutdanning i spesialpedagogikk, eller erfaring/vidareutdanning frå tverrfagleg arbeid
- Erfaring frå administrasjon og leiing av profesjonsfellesskap
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på begge målføre
- Digital kompetanse og god økonomisk forståing
- Evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- Attestar og vitnemål. Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
- Politiattest av nyare dato må leggast fram før oppstart.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein leiar som skapar engasjement, tryggleik og utvikling – ein som:
- har smittande humør og evne til å begeistre
- identifiserer seg med kommunen sine verdiar og visjon
- er tydeleg, kompetent, open, påliteleg og samfunnsengasjert
- har evne til å vidareutvikle kultur, leike- og læringsmiljø i tråd med ny forsking
- arbeider strukturert og systematisk for å skape gode resultat
- kommuniserer godt og evner å samarbeide, lytte, rettleie og motivere
- set tydeleg retning og skapar utvikling i einingane
- er innovativ, fleksibel og løysingsorientert
- har god forståing for og prioriterer nærværsleiing – og skapar eit arbeidsmiljø prega av tryggleik, tilhøyrsle og høg trivsel
Vi tilbyr
Ei leiarrolle med stort handlingsrom og sterke støttespelarar
Som leiar får du det overordna ansvaret for både den daglege drifta av Sørhellet barnehage og den faglege og organisatoriske leiinga av fagteamet. Totalt vil du vere leiar for om lag 50 tilsette.
Du står ikkje åleine: rundt deg har du eit solid og kompetent leiarteam med avdelingsleiar og fagrådgivarar som gir støtte, sparring og rom for utvikling. Her får du moglegheita til å setje retning, bygge kultur og løfte kvaliteten i heile barnehagesektoren i Klepp.
Lønn etter avtale.
FerdigheterAI-generert
- Førskolepedagogikk
- Marte Meo Metoden
- PPT-tjeneste
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Nordsjøvegen 230, 4352 Kleppe
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Førskolelærer, Ledelse, Styrer
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Leder, Barnehage
Annonseinformasjon
- FINN-kode 459328905
- Sist endret


