Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Øygarden
Bilde fra arbeidsgiver
Fristen er utløpt

Lærar i Bygg- og anleggsteknikk

Vestland fylkeskommune

  • Frist 24.04.2026
  • Ansettelsesform Vikariat

Lærar i Bygg- og anleggsteknikk

Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialisering. Vi har i dag to skulestadar, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 900 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca. 150 vaksne elevar på ulike program.

Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle opplever fagleg og sosial meistring. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ei motiverande opplæring. Elevane på Sotra vgs. skal ha medverknad og har medansvar for læringa og for fellesskapet.

Vi søkjer etter lærar i Bygg og anleggsteknikk i 100% vikariat for skoleåret 2026 til 2027. Vi er på jakt etter ein medarbeidar med bygningsfagleg bakgrunn som kan undervise og legge til rette for at elevane blir dugelege fagarbeidarar i bygg- og anleggsbransjen.


Arbeidsoppgåver

  • Praktisk og teoretisk undervisning innan Bygg- og anleggsteknikk på Vg1, Vg2
  • Tett oppfølging av einskilde elevar og opplæringsbedrifter
  • Skape og utvikle opplæringa i samarbeid med elevar, kollega og skuleleiing
  • Halde seg informert om utviklinga i bransjen
  • Halde god kontakt med bedrifter og samarbeide med arbeidsliv om å skaffe læreplassar
  • Arbeide systematisk for at elevane skal lære fagleg og sosialt
  • Arbeide for at alle elevar inkluderast i læringsmiljøet
  • Arbeide for at elevane skal få læreplass

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev og minimum 3 års arbeidserfaring i eit eller fleire av faga i programområdet Bygg- og anleggsteknikk
  • 2-årig fagleg teoretisk utdanning utover fagbrev og praktisk pedagogisk utdanning eller godkjent yrkesfaglærarutdanning
  • Dersom formell undervisningskompetanse manglar, kan skulen legge til rette for å ta manglande teoretisk utdanning
  • Ønskjeleg med allsidig erfaring frå bygg- eller anleggsbransjen
  • Erfaring med oppfølging av lærlingar vil være ein føremon
  • Ønskeleg med undervisningserfaring, men ikkje eit krav
  • Gode IKT kunnskapar generelt og fagleg
  • Kommunisere godt på norsk munnleg og skriftleg
  • Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer etter deg som har eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom
  • Du har stort engasjement for faget
  • Du bidrar til elevane si faglege og sosiale utvikling
  • Du er fleksibel og ser moglegheiter
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre samarbeidspartnarar
  • Å vere eigna for arbeid med ungdom vil bli tillagt stor vekt

Vi tilbyr

  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter til eiga læring og utvikling
  • Du blir ein del av ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass
  • Trimgrupper for tilsette.

    Andre opplysningar
    Den som tilsetjast må legge fram politiattest.
    For undervisningsstillingar på yrkesfag er det krav til praktisk- pedagogisk utdanning og to års yrkesteoretisk utdanning utover fagbrevnivå, eller bachelor som yrkesfaglærar. Søkjarar som ikkje har godkjent utdanning kan tilsetjast på vilkår.

Ferdigheter
AI-generert

  • Bransjekunnskap innen teknisk byggebransje
  • Digitale ferdigheter
  • Kunnskap innen bygningsarkitektur og byggkonstruksjon
  • Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Finkelhølsvegen 10, 5382 Skogsvåg
  • Bransje: Barn, skole og undervisning, Bygg og anlegg
  • Stillingsfunksjon: Andre pedagoger, Undervisning og pedagogikk
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

Lærer, Bygg- og anleggsteknikk, Yrkesfaglærer, Undervisning

Vestland fylkeskommune logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Irene Tellnes Eide
  • Stillingstittel: avdelingsleiar
  • Mobil: 93 22 91 24
Send SMS
  • Kontaktperson: Erik Henneli
  • Stillingstittel: assisterande rektor
  • Mobil: 95 82 60 77
Send SMS
  • Bli kjent med Vestland fylkeskommune

1570 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Vestland fylkeskommune logo

Vestland fylkeskommune

    Heimeside

    Firmaets beliggenhet

    Finkelhølsvegen 10, 5382 Skogsvåg

    Kart

    Annonseinformasjon

    • FINN-kode 459323513
    • Sist endret 10.4.2026, 10:51
    Rapporter annonse