Merkantil medarbeidar, spesial konsulent / konsulent.
Vestland fylkeskommune
- Frist 26.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Merkantil medarbeidar, spesial konsulent / konsulent.
Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialisering. Vi har i dag to skulestadar, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca. 150 vaksne elevar på ulike program.
Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle opplever fagleg og sosial meistring. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ei motiverande opplæring. Elevane på Sotra vgs skal ha medverknad og har medansvar for læringa og for fellesskapet.
Vi søkjer etter ein medarbeidar til å utføre merkantile arbeidsoppgåver, for tiden på Skulestad Skogsvåg i Finkelhølsvegen 10. Jobben er allsidig og er ein sentral funksjon på skulen.
Arbeidsoppgåver
- Merkantile oppgåver i samarbeid med adm leiar og kollega på merkantil avdeling
- Skuleadministrative system
- Bruk av Visma Inschool, Visma Enterprice og Elements
- Førstelinjeteneste med resepsjon og sentralbord
- Kommunikasjon med elevar og føresette
- Kommunikasjon med lærarar og leiarar
- Delta i førebuing og gjennomføring av eksamen
- Støtte leiarar i arbeid med løn
Kvalifikasjonar
- Utdanning og erfaring som er relevant for merkantilt arbeide i skulen
- Må beherske nynorsk
- Gode ferdigheiter og kunnskapar i IKT
- Gode norsk-kunnskapar munnleg og skriftleg
- Gode samarbeidsferdigheiter
Personlege eigenskapar
- Fleksibel og løysingsorientert i ein variert arbeidskvardag
- Sjølvstendig og strukturert
- Løysingsorientert
- Taklar høgt tempo og utfordringar
- Gode samarbeidsevner og bidrar til eit positivt arbeidsmiljø
- Kommuniserer godt med unge menneske
- Det vert lagt vekt på at den vi skal tilsette er personleg egna til arbeidet.
Vi tilbyr
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Inkluderande og godt arbeidsmiljø
- Gode moglegheiter til eiga læring og utvikling
- Du blir ein del av ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass
- Trimgrupper for tilsette
Andre opplysningar
Den som tilsetjast må legge fram politiattest. Ønskjeleg med oppstart i august.
FerdigheterAI-generert
- Administrere eksamener
- Betjene sentralbord
- Digitale ferdigheter
- Kundebehandling for prioriterte kunder
- Merkantile oppgaver
- Nynorsk
- Visma
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Finkelhølsvegen 10, 5382 Skogsvåg
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Kontorarbeid, Sentralbord
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Skole, Kontor, Merkantil medarbeider, Ekspedisjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 459322028
- Sist endret


