SFO-leder
Emblem skule
- Frist 1.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med og utvikle eit trygt, inkluderande og meiningsfullt tilbod for barna ved Emblem SFO? Vi søkjer ein tydeleg, engasjert og relasjonssterk SFO-leiar som kan leie og vidareutvikle SFO i tett samarbeid med skulen si leiing og dei tilsette.
SFO-leiar har ansvar for å sikre at skulefritidsordninga blir driven i tråd med nasjonale og lokale føringar. Du vil ha ansvar for dagleg drift, pedagogisk innhald, personaloppfølging og samarbeid med heimane. SFO-leiar samarbeider med skulen si leiing i aktuelle saker og rapporterer til verksemdsleiar.
Ein del av stillinga er knytt til arbeid i skulen og inneber elevretta arbeid for å fremje trivsel, inkludering og eit trygt og godt skulemiljø.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:
- Planlegge,organisere og leie den daglige driften av SFO
- Pedagogisk ansvar for innholdet i SFO med fokus på leik, læring og fysisk aktivitet
- Delta aktiv i barna sin SFO-kvardag
- Ansvar for eit godt samarbeid med heimane
- Miljøarbeid i skulen
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har:
- Godkjent pedagogisk kompetanse, minimum bachelor
- Erfaring frå leiing i SFO, barnehage eller liknande verksemd
- God forståing for arbeid med barn, relasjonar og inkluderande fellesskap
Det er ønskeleg at du har:
- erfaring med personalleiing
- kjennskap til relevante regelverk og rammer for SFO
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- har gode leiareigenskapar
- samarbeider godt og er løysingsorientert
- er oppteken av at barna skal ha ein trygg, god og meiningsfull dag på SFO
- er strukturert, tydeleg og fleksibel
Personlege eigenskapar blir lagt vekt på.
Vi tilbyr
- Eit spennande og meiningsfullt leiaroppdrag
- Høve til å vere med og utvikle SFO-tilbodet ved skulen
- Samarbeid med engasjerte kollegaer og skuleleiing
- Deltaking i faglege nettverk i kommunen
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk
Kontaktinformasjon
Jorun P F Sundklakk, Verksemdsleiar /Rektor, 70 16 51 01Arbeidsstad
Markastien 156013 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 5108668510
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 459307764
- Sist endret

