Butikkmedarbeider
Coop Marked Kvamsøy
- Frist 30.04.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
COOP MARKED KVAMSØY søkjer etter ferievikar for sommarsesongen 2026
Har du lyst på sommarjobb i butikk?
Vi søkjer ein engasjert og blid medarbeidar som likar ein utfordrande og variert arbeidsdag. Du er oppteken av å gje god service, og bidreg aktivt til at kundane våre trivst.
I sommarsesongen arbeider du etter ein oppsatt arbeidsplan med arbeidsvakter både på dagtid, kveld og laurdagar. Oppstart frå midten av juni til skolestart i august. Frå hausten av kan du få fortsette som tilkallingshjelp.
Arbeidsoppgåvene dine blir:
- Kundehandsaming
- Varemottak / Vareplassering
- Assistere i sjølvskanningskasser
- Førefallande reinhald og rydding
Våre forventningar til deg:
Du er påliteleg, hjelpsam og imøtekommande, og set alltid kunden først. Du jobbar effektivt og målretta, kan være fleksibel, og jobbar godt som ein del av butikkens team. Det er viktig for oss at du bidreg til eit godt arbeidsmiljø. Du må kunne godt norsk, både skriftleg og munnleg, og du må være fylt 18 år.
Vi kan tilby
Varierte arbeidsoppgåver og ordna tariffbaserte løns- og arbeidstilhøve. Du får god opplæring og høve til ytterlegare kompetanseheving gjennom våre e-kurs program. Du blir medlem av vår innskotsbaserte pensjonsordning med eigensparing, og er dekka av våre forsikringsavtalar. Vi har rabattavtaler for tilsette.
Interessert?
Spørsmål om stillinga kan rettast til butikksjef Nina Lovise Liaset på tlf. 911 91 617.
Søknad og CV registrerast digitalt på www.deibestefolka.no
Søknadsfrist: 30. april 2026
FerdigheterAI-generert
- Norsk
- Rengjøring
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Hamna 11, 6087 Kvamsøy
- Bransje: Butikk og varehandel
- Stillingsfunksjon: Butikkansatt
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Coop, Coop Nordvest, Butikk, Sommerjobb
Annonseinformasjon
- FINN-kode 459307401
- Sist endret




