Fagarbeidarar i skulen
Oppvekst og kultur, Sande kommune
- Frist 30.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Sande kommune søkjer fagarbeidarar i skulen frå 01.08.2026. Kommunen er for tida inne i ei politisk handsaming av framtidig skulestruktur, og det endelege behovet for fagarbeidarar vil difor ikkje vere avklart før etter 12. mai. Stillingane vert utlyste som kan verte ledige. Du vert tilsett i Sande kommune, som p.t har tre skular i Gursken, Larsnes og på Kvamsøya.
Oppvekst og kultursektoren vår har ei felles målsetting om å skape gode oppvekstvilkår for borna i Sande. Vi har fokus på god overgang mellom barnehage og skule, og eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle. Dette gjer vi mellom anna gjennom PALS, BTS og kjerneverdiane våre; respekt, ansvar og omsorg. Vi søkjer trygge vaksne som kan bidra i teamet.
Arbeidsoppgåver
- Støtte og motivere elevane i undervisning
- Støtte og hjelpe elevane i sosiale aktivitetar
- Legge til rette for leik, kultur og aktivitet med utgangspunkt i borna/ungdomane sin alder, funksjon og interesser
- Følge opp orden, rutinar og planar
- Andre praktiske førefallande oppgåver som til dømes vakt i friminutt, og i samband med skulefritidsordninga
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne-og ungdomsarbeidar
- Gode munnlege og skriftlege norskkunskapar
- Grunnleggande IKT-kompetanse
- Kjennskap til Vigilo (administrasjonssystemet) er ønskeleg
- Politiattest må leverast ved tiltreding
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vil verte vektlagde. Vi ynskjer ein medarbedar som vil bidra til å skape eit godt klima, både for elevane og for kollega. Du som søkjer må difor:
- ha evne til å bygge relasjonar, med både born, ungdom og vaksne
- vere sjølvstendig
- ha ei positiv haldningar og eit godt humør
- vere løysningsorientert
- ha gode samarbeidsevner
- vere en god rollemodell
Vi tilbyr
- Tilsetjing og løn i samsvar med lov-og avtaleverk
- Gode pensjonsordningar
- Jobb i eit positivt og inkluderande miljø
- Ein variert og spennande arbeidskvardag
- Ein arbeidsgivar med fokus på kvalitet og utvikling
Kontaktinformasjon
Lilly-Arlen Kvalsund, kommunalsjef oppvekst og kultur, +47 93221131Arbeidsstad
Vågen 106082 Gursken
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sande kommuneReferansenr.: 5103053798
Stillingsprosent: 89%
Fast
Søknadsfrist: 30.04.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 459196024
- Sist endret


