Lærer
Bergen kommune
- Frist 23.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Lærer
Me treng ein engasjert og dedikert kontaktlærar til haustens 1. trinn på Salhus skule! Er det deg?
Salhus skule ligg idyllisk til i Åsane og har både eigen skulehage og nærhet til sjø og fjell. Salhus skule har kapasitet til 130 elevar. Skulen har lange tradisjoner for å ta vare på revy og musikkkulturen i Salhus. Salhus skule si visjon er: "Læring for livet". Skulen sine satsingsområde er Fysisk aktiv læring og Timen Livet.Skulen har nynorsk som opplæringsmål. Den ledige stillingen skal dekke alle fag på barneskulen.
Vi er opptekne av å rekruttere medarbeidarar som vil passe inn i vårt verdigrunnlag og vår kontekst, og legg difor stor vekt på personlege eigenskapar
Arbeidsoppgaver
♥ Bidra til leikande og trygg skulestart
♥ Tilretteleggja og følgja opp elevar med ASF
♥ Samarbeid med heimen, internt og andre samarbeidspartnarar
♥ Relasjonell klasseleiar med kontaktlæreransvar
♥ Bidra til eit godt klasse og skulemiljø
♥ Aktiv deltaking i skulen sine utviklingsprosjekt
Kvalifikasjoner
♥ Godkjend grunnskulelærar for 1.-7.trinn (GLU 1-7) eller allmennlærar
♥ Erfaring innanfor den første lese og skriveopplæringa er ønskeleg
♥ Erfaring med tilrettelegging for elevar med ASF
♥ Kompetanse i praktisk-estetiske fag, musikk og uteskule, er ein fordel
♥ Erfaring frå arbeid på barneskule er ønskeleg
Personlige egenskaper
♥ Du møter alle elevar, kollegaer og føresette med respekt og forståing.
♥ Du ønskjer å leggje til rette for leik i skulen, både god frileik og pedagogisk leik.
♥ Du har gode evner for samarbeid, og likar å arbeide i team og etter felles metodikk.
♥ Du er fagleg engasjert og kreativ, fleksibel og robust.
♥ Du bidrar til å oppretthalde eit godt og humørfylt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
♥ Ein skule i naturskjønne omgivelsar♥ Vår eigen skulehage
♥ Tett oppfølging frå leiinga
♥ Lønn etter tariffavtale
♥ Dyktige og engasjerte kollegaer
FerdigheterAI-generert
- Ordinær grunnskoleundervisning
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Vikavegen 30, 5107 Salhus
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 459178270
- Sist endret

