Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bergen
Bilde fra arbeidsgiver
Fristen er utløpt

Kommunikasjonsleiar

Stiftelsen Bergen internasjonale litteraturfestival

  • Frist 26.4.2026
  • Ansettelsesform Prosjekt

Kommunikasjonsleiar, Bergen internasjonale litteraturfestival

Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) presenterer norsk og internasjonal litteratur av høg kvalitet.

Festivalen er kjenneteikna av eit litterært, språkleg, kulturelt og geografisk mangfald, og etter åtte år er vi godt etablert. Vi samarbeider tett med staben på Litteraturhuset i Bergen, der vi har kontor. Vi har eit dedikert styre og nyttar aktivt innspel og idear frå vårt nasjonale og vårt internasjonale kunstnariske råd. Festivalen har eit veksande internasjonalt nettverk, og satsar særskilt på å skape ein møteplass for norsk og internasjonal litteratur.

LitFestBergen ønsker å markere seg enda tydelegare både nasjonalt og internasjonalt, og denne stillinga vil spele ei viktig rolle i dette arbeidet. Vi søker kommunikasjonsleiar i 100% prosjektstilling med moglegheit for fast tilsetting.

Oppgåver

Vi søker etter nokon som kan arbeide med strategisk posisjonering av festivalen. Du vil ha det overordna ansvar for alt kommunikasjonsarbeid, både stort og smått. Du har òg ansvar for nettsida, medieinnsal, produksjon til some og billettsystemet. Kommunikasjonsleiaren skal følgje opp praktikant(ar).

Oppgåver som òg vil ligge til stillinga er søknadsarbeid og oppfølging av enkeltprosjekt, til dømes LitFestUng. Andre oppgåver kan tilfalle stillinga ut frå behova til festivalen og interessene til den aktuelle kandidaten.

Søknadsfrist: 26.04.2026

Oppstart: august 2026

Kvalifikasjonar

  • Nøyaktig og fleksibel

  • Lang erfaring med kommunikasjonsarbeid

  • Særs gode språklege evner på norsk og engelsk

  • God datakunnskap

  • Høgare utdanning

  • Stor arbeidskapasitet og fleksibilitet i periodar med ekstra intensive dagar

  • Erfaring frå festivalarbeid er ein fordel

Vi tilbyr

  • Fleksibel arbeidstid

  • Stor grad av sjølvstende

  • Løn etter avtale og lang sommarferie

  • Moglegheit for nasjonale og internasjonale reiser

  • Kreativt og ope arbeidsmiljø på Litteraturhuset i Bergen

Arbeidsstad: Litteraturhuset i Bergen.

Send søknad til: teresa@litfestbergen.no

For spørsmål, kontakt festivalsjef Teresa Grøtan: teresa@litfestbergen.no, tlf: 92288550, eller styreleiar Anne Karin Sæther: sannekarin@gmail.com, tlf: 90205520

Om arbeidsgiveren

Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) presenterer norsk og internasjonal litteratur av høg kvalitet.

Festivalen er kjenneteikna av eit litterært, språkleg, kulturelt og geografisk mangfald, og etter åtte år er vi godt etablert.

Vi samarbeider tett med staben på Litteraturhuset i Bergen, der vi har kontor.

Vi har eit dedikert styre og nyttar aktivt innspel og idear frå vårt nasjonale og vårt internasjonale kunstnariske råd.

Festivalen har eit veksande internasjonalt nettverk, og satsar særskilt på å skape ein møteplass for norsk og internasjonal litteratur.

  • Sektor: Organisasjoner
  • Sted: Østre Skostredet 5-7, 5017 Bergen
  • Bransje: Event og arrangementer, Kunst og kultur, Medie- og innholdsproduksjon
  • Stillingsfunksjon: Markedsfører, PR og informasjon, Prosjektledelse
  • Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Teresa Grøtan
  • Stillingstittel: festivalsjef
  • Mobil: 92 28 85 50
Send meldingSend SMS
  • Kontaktperson: Anne Karin Sæther
  • Stillingstittel: styreleiar
  • Mobil: 90 20 55 20
Send meldingSend SMS
  • Hjemmeside

19 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Østre Skostredet 5-7, 5017 Bergen

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 458907660
  • Sist endret 7.4.2026, 10:19
Rapporter annonse