Undervisningsstillinger i norsk
BERGEN KATEDRALSKOLE, Vestland fylkeskommune
- Frist 19.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du ein pedagog med hjarte for at kvar enkelt kan få vere den dei er og utvikle seg som menneske både fagleg og sosialt?
Ynskjer du å jobbe på ein skule med lange tradisjonar, der det er eit godt fagleg miljø og stort samfunnsengasjement hos både hos elevar og tilsette?
Da kan Bergen katedralskole vere staden for deg!
Bergen katedralskole vart grunnlagd i 1153 og er med det ein av dei eldste skulane i landet. Skulen har om lag 1300 elevar fordelt på tre stader i Bergen sentrum og tilbyr følgjande:
- Studiespesialiserande utdanningsprogram med programfag knytt til realfag og språk, samfunnsfag og økonomi
- IBDP - International Baccalaureate Diploma Programmme
- Innføringstilbod for minoritetspråklege elevar og eigen klasse for minoritetspråklege på Vg1
- Kyrre - eit tilbod for elevar med behov for særskild tilrettelegging
Vaksenopplæring innanfor studiespesialisering
Frå 1.8.2026 har Bergen katedralskole ledige undervisningsstillingar i norsk
Arbeidsoppgåver
Stilling 1: Undervisning på dagtid i norsk for studiespesialiserande utdanningsprogram - 24% vikariat
Stilling 2: Undervisning på dagtid i norsk på avdeling for Vaksenopplæring - 30% fast stilling
Stilling 3: Undervisning på kveldstid i norsk på avdeling for Vaksenopplæring 35% fast stilling
Kvalifikasjonar
Formell undervisningskompetanse i norsk
Pedagogisk utdanning
Gyldig politiattest
Vi søkjer deg som
- har eit stort engasjement for faget og formidling
- har evna til å inspirere og motivere elevane
- har gode samabeidsevner og bidreg til gode relasjonar
- har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Vi tilbyr
Eit godt og inspirerande arbeidsmiljø med engasjerte elevar og tilsette
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk
Kontaktinformasjon
Dag Haugstvedt, avdelingsleiar, 95970235, dag.christer.kaartvedt.haugstad@vlfk.noSigrid Olaug Sve Låstad, avdelingsleiar, 92066823, sigrid.olaug.sve.lastad@vlfk.no
Arbeidsstad
Kalfarveien 25018 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5104594305
Stillingsprosent: 30%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 19.04.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457573897
- Sist endret
