Lærar Teknologi og industrifag
Møre og Romsdal fylkeskommune, Sykkylven vidaregåande skule
- Frist 10.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Sykkylven vidaregåande skule søker frå 1. august 2026 fleire engasjerte yrkesfaglærarar ved Teknologi- og industrifag, totalt inntil 230 % fast stilling.
Vi søker fagleg sterke og samarbeidsvillige kollegaer med kompetanse til å undervise i programfaga ved vg1 Teknologi og industrifag og vg2 Industriteknologi.
Arbeidsoppgåver
- Undervise og rettleie elevar i programfaga på Teknologi og industriteknologi
- Følgje opp elevar fagleg og sosialt, og bidra aktivt til å skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø
- Samarbeide tett med kollegaer, kontaktlærarar og lokalt næringsliv for å sikre relevant og oppdatert opplæring
- Delta i fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid ved skulen
- Sikre godt vedlikehald, orden og tryggleik i verkstad og utstyr.
Kvalifikasjonar
Relevant fagbrev og/eller høgare utdanning innan teknologi- og industrifag. Kompetanse innan trearbeid og/eller CNC er spesielt ettertrakta.Praktisk erfaring frå industri, mekanisk arbeid eller tilsvarande område er ønskeleg.
Pedagogisk kompetanse (PPU) er ein fordel. Søkjarar utan PPU kan tilsetjast på vilkår om å fullføre utdanninga.
Erfaring med opplæring eller ungdom er ein fordel.
Personlege eigenskapar
- Evne til å skape gode relasjonar og eit trygt læringsmiljø
- Strukturert, løysingsorientert og trygg i verkstadsarbeid
- Engasjert, initiativrik og opptatt av elevane si læring og utvikling
- God samarbeidsevne og vilje til å bidra i eit fagleg fellesskap
Vi tilbyr
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit framtidsretta fagområde
- Godt utstyrt verkstad og tett samarbeid med lokalt næringsliv
- Moglegheit for fagleg og pedagogisk utvikling
Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i SPK)
Løn etter gjeldande avtaleverk
Kontaktinformasjon
Barbro O. Midtgård, Rektor, +47 92619045Arbeidsstad
Kyrkjevegen 66230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5103608853
Stillingsprosent: 100, 30%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 10.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457571921
- Sist endret

