Sjukepleiar i nattstilling
Rehabiliteringsklinikken/ AFMR post 1, Helse Bergen HF
- Frist 26.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR) er ein del av ReHabiliteringsklinikken i Helse Bergen, og held til på Nordås, i nærleiken til Lagunen. Vi søker nå etter sjukepleiar i sengepost til 60% vikariat, for tida på natt. Stillinga er ledig frå dd og med varigheit til 02.01.2028. Tiltredelse etter avtale.
I ReHabiliteringsklinikken utgreier og behandlar vi menneske med medfødde og erverva skadar og sjukdom. På Nordås er det 33 døgnplassar fordelt på to sengepostar, og dei fleste pasientane blir overført til oss tidleg etter skade eller sjukdom, som ein del av akuttforløpet i Helse Bergen. Som sjukepleiar her får du arbeide helhetlig både med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering i ein tidleg fase. Kvardagen ved sengeposten er variert og innhaldsrik.
Vi har regional funksjon for traumatisk hovudskade-rehabilitering og nasjonal funksjon for brannskade-rehabilitering. Vi er tyngdepunktet for spesialisert rehabilitering i Helse Bergen. I tillegg samarbeider vi med andre aktuelle einingar i spesialisthelsetenesta og med førstelinjetenesta.
Arbeidsoppgåver
- Klinisk sjukepleie til pasientar med behov for spesialisert rehabilitering etter ulike sjukdommar/ skadar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
- Erfaring frå arbeid innan rehabilitering er ønskeleg
- Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar, faglege referansar, samarbeidsevne og sjølvstende
Personlege eigenskapar
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
- Du evner å tilpasse og formidle kompleks informasjon til pasientar, pårørande og andre samarbeidspartnarar
Vi tilbyr
- Vi tilbyr ein avdeling med godt fagleg og sosialt miljø
- God introduksjon og oppfølging av erfaren kollega
- Strukturert opplæring med kompetanseplan i fleire trinn
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Lisbeth Helen Ebbesen Sparre, Seksjonsleiar, 55918400Arbeidsstad
Nordåsgrenda 45235 Rådal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5104322996
Stillingsprosent: 60%
Vikariat
Sluttdato: 02.01.2028
Søknadsfrist: 26.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457536888
- Sist endret

