Inaktiv
Trainee til ei av Vestlandets største IT-plattformer
IDI - IKT Kjernedrift, Vestland fylkeskommune
- Frist 12.4.2026
- Ansettelsesform Trainee
Kjernedrift er ei nøkkelrolle i IKT-seksjonen, og er éi av fire fageiningar i seksjonen.
Eininga har i dag 18 dyktige medarbeidarar som jobbar med mellom anna server og lagring, databasar, operativ sikkerheit, nettverk, brannmur, Azure.
5008 Bergen
Referansenr.: 5103849344
Stillingsprosent: 100%
Trainee
Startdato: 17.08.2026
Sluttdato: 16.08.2027
Søknadsfrist: 12.04.2026
Eininga har i dag 18 dyktige medarbeidarar som jobbar med mellom anna server og lagring, databasar, operativ sikkerheit, nettverk, brannmur, Azure.
Arbeidsoppgåver
Som trainee hos oss vil arbeidsoppgåvene dine vere avhengige av kompetansen, erfaringa og interessa di. Til dømes:
- Vere ein ressurs som støttar oss i å bli betre på infrastruktur som kode (IaC), jobbe med å bygge DevOps-kulturen vår og automatisere nokre av oppgåvene våre
- Skrive kode og automatisere prosessar knytt til infrastrukturen vår (mellom anna innan skyplattformar, sikkerheit eller nettverk)
- Hjelpe oss å lage malar for korleis vi bruker GitHub, Azure DevOps, CI/CD pipelines eller andre støttesystem
- Lage underlag for å velje heilt andre system som støtter vår strategi om å vere stabil, sikker og framtidsklar
Kvalifikasjonar
Du må:
- Ha høgare utdanning på bachelor- eller masternivå, med fokus på IT
- Vere nyutdanna med maksimalt tre års erfaring etter studiar
- Ha motivasjon til å lære meir om IT-infrastruktur
- Trivast med å jobbe med data og enkel datamodellering
- Ha gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i engelsk
- Beherske norsk som arbeidsspråk
Personlege eigenskapar
- Du trivst i eit dynamisk miljø, og klarar å prioritere oppgåvene dine, også når det av og til skjer mykje på ein gang
- Vi håpar du vil bidra til å utarbeide god dokumentasjon, slik at KI-modellane våre kan dra nytte av den
- Du driv oppgåvene dine framover sjølv, men veit samtidig når det er lurt å be om hjelp eller sparre med teamet
Vi tilbyr
- Du kan dypdykke i vestlandets største IT-plattform som leverer høg oppetid for 33000 brukarar
- Du får jobbe i team saman med 20 godt erfarne spesialistar på IT-infrastruktur
- Du vil vere ein del av eit team med godt humør og høg psykologisk tryggleik
- Du får gode kontorlokale i Bergen sentrum, med mogelegheit for fleksibel arbeidsstad
Som deltakar i traineeprogrammet til Trainee Vest får du
- Utviklingsprogram gjennom Trainee Vest
Traineestilling hjå oss føreset deltaking i Trainee Vest/Bergen Næringsråd sitt traineeprogram og Vestland fylkeskommune sine eigne traineesamlingar. Oppstartsdato for traineestilling følger Trainee Vest sitt årshjul.
Vi veit at mangfold gjer oss betre, og oppfordrar spesielt kvinner til å søkje.
Kontaktinformasjon
Christian Våge, Leiar, 48033781Arbeidsstad
Vestre Strømkaien 135008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5103849344
Stillingsprosent: 100%
Trainee
Startdato: 17.08.2026
Sluttdato: 16.08.2027
Søknadsfrist: 12.04.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457455077
- Sist endret

