Lærarar på barne- og ungdomstrinn
Oppvekst og kultur, Sande kommune
- Frist 15.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Sande kommune søker lærarar frå og med 01.08.2026. Kommunen er for tida inne i ei politisk handsaming av framtidig skulestruktur, og det endelege behovet for lærarar vil difor ikkje verte klart ført etter 12. mai. Stillingane som vert utlyste kan verte ledige. Kommunen har pt tre skular, lokaliserte i Gursken, Larsnes og Kvamsøya.
Oppvekst og kultursektoren vår har ei felles målsetting om å skape gode oppvekstvilkår for borna i Sande. Vi har fokus på god overgang mellom barnehage og skule, og eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle. Dette gjer vi mellom anna gjennom PALS, BTS og kjerneverdiane våre; respekt, ansvar og omsorg. Vi søkjer trygge vaksne som kan bidra i teamet.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og gjennomføre undervisning på barnetrinn og/eller ungdomstrinn
- Kontaktlæraroppgåver
- Tett dialog og skule-heim samarbeid
- Ta del i å utvikle eit trygt og godt læringsmiljø
- Delta i utviklingsarbeid ved skulen og i kommunen
Kvalifikasjonar
- Du har godkjent lærarutdanning ved høgskule eller universitet, med 60 studiepoeng i pedagogikk og minst 180 studiepoeng i relevante undervisningsfag.
- Erfaring frå spesialpedagogisk arbeid er ønskeleg
- Våre lærarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling. I sandeskulen nyttar vi nynorsk som målform. Kommunen nyttar nynorsk til all skriftleg kommunikasjon.
- God IKT-kompetanse
Personlege eigenskapar
- Du er ein tydeleg klasseleiar
- Du arbeider systematisk med relasjonsbygging og læringsmiljø, og ser samanhengen mellom det og god læring
- Du har eit positivt elevsyn og evne til å bygge gode relasjonar
- Du samarbeider godt både med kollegaer og føresette
- Du arbeider systematisk og målretta
- Du er god til å ta og gi ansvar
- Du er ein god rollemodell
Personlege eigenskapar vil verte vektlagde. Vi ynskjer ein medarbedar som vil bidra til å skape eit godt klima, både for elevane og for kollegaer.
Vi tilbyr
- Tilsetjing og løn i samsvar med lov-og avtaleverk
- Gode pensjonsordningar
- Jobb i eit positivt og inkluderande miljø
- Ein variert og spennande arbeidskvardag
- Ein arbeidsgivar med fokus på kvalitet og utvikling
Kontaktinformasjon
Marianne Solbjørg Ose, Einingsleiar, 99239125Camilla Auflem Vik, Einingsleiar, 90729780
Lilly-Arlen Kvalsund, kommunalsjef oppvekst og kultur, +47 93221131
Arbeidsstad
Vågen 106082 Gursken
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sande kommuneReferansenr.: 5103063961
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.04.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457279974
- Sist endret


