Pedagogisk leiar
Oppvekst og kultur, Sande kommune
- Frist 12.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Sande kommune søker pedagogisk leiar til 100 % vikariat frå 01.08.2026. Kommunen har fem barnehagar lokalisert ved Gjerdsvika, Larsnes, Haugelia (Gursken), Kvamsøya og Sandsøya. Det kan verte ledig inntil tre stillingar.
Oppvekst og kultursektoren vår har ei felles målsetting om å skape gode oppvekstvilkår for borna i Sande. Barnehagane vil i samarbeid med heime gje borna ein trygg start på den livslange læringa i utdanningssystemet. Vi vil gje dei erfaringar og opplevingar som fører til ei positiv tilknytning til nærmiljøet. Vi vil oppdra borna til samarbeid og gjensidig respekt, og gjere dei i stand til å ta vare på kvarandre og seg sjølve. Dei tilsette skal jobbe for at borna skal få oppleve eit inkluderande miljø med venskap, omsorg, leik og læring.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, rettleie og gjennomføre pedagogisk utviklingsarbeid på di avdeling
- Saman med kollegaer skal du skape eit godt miljø for leik og læring.
- Saman med kollegaer skal du delta i leik, ute og inne.
- Bidra til god dialog og samarbeid med foreldre
Kvalifikasjonar
- Godkjend barnehagelærarutdanning
- Rettleiingskompetanse
- Spesialpedagogisk kompetanse, eller erfaring frå spesialpedagogisk hjelp er ynskjeleg.
- Kan kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert og kreativ
- Du har lyst til å lære frå deg, men har også lyst til å lære sjølv
- Du tek initiativ til samspel og aktivitet
- Du samarbeider godt med kollega
- Du er tydeleg og trygg i vaksenrolla
- Du er påliteleg og inkluderande
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og referansar, i tillegg til den formelle kompetansen og arbeidserfaring.
Vi tilbyr
- Ein spennande jobb i eit positivt og inkluderande miljø
- Fagleg utvikling i eigen barnehage og felles i kommuna
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Ein arbeidsgivar med fokus på kvalitet og utvikling
- God pensjonsordning
Tilsetjing etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkjarlista vert offentleggjort. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.
Kontaktinformasjon
Lilly-Arlen Kvalsund, kommunalsjef oppvekst og kultur, 93221131Arbeidsstad
Rønnebergplassen 176084 Larsnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sande kommuneReferansenr.: 5094833663
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.04.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457143661
- Sist endret

