Lærar landbruk 100% fast stilling
Gjermundnes vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 4.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å utdanne framtidas matprodusentar gjennom eit utdanningsprogram der jordbruk, dyrehald og forvaltning av naturressursar står i sentrum? Som lærar i landbruk hos oss vil du bli del av eit engasjert fagmiljø som jobbar for at skulen skal vere "eit naturleg val for framtida". Vi har ledig ei 100% fast stilling som lærar i landbruksfag frå 01.08.2026. Deltid kan også vere aktuelt. Stillinga omfattar hovudsakleg undervisning i husdyrfag, men undervisning innanfor andre landbruksfag kan også bli aktuelt.
6392 Vikebukt
Referansenr.: 5091685595
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 04.05.2026
Arbeidsoppgåver
- undervise i drift og stell av ulike husdyrartar
- lære elevar om fôring, helse, dyrevelferd og produksjonsstyring
- sikre tryggleik og gode rutinar i praktisk arbeid med dyr
- undervisning i andre landbruksfag kan bli aktuelt
- kontaktlærarfunksjon kan bli aktuelt
- samarbeid med kollegaer og leiing
- samarbeid med næringa
- samarbeid med andre faginstansar ved behov
Kvalifikasjonar
- relevant landbruksfagleg utdanning frå høgskule eller universitet
- pedagogisk utdanning som kvalifiserer for tilsetting i fast undervisningsstilling. Søkjarar som ikkje har pedagogisk utdanning er velkomne til å søke på vilkår av at dei vil ta slik utdanning.
- kunnskap og praktisk erfaring innan husdyrproduksjon, særleg med sau, gris og storfe
- erfaring frå aktiv gardsdrift eller landbruksnæringa
Personlege eigenskapar
- trivast i lag med ungdom og har god evne til relasjonsbygging
- er ein trygg og tydeleg vaksen, både i og utanfor klasserommet
- gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø
- ein allsidig arbeidsplass med dyktige medarbeidarar med brei kompetanse
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
løn etter tariff
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som blir tilsett må levere gyldig politiattest.
Kontaktinformasjon
Leif Einar Næss, Avdelingsleiar Naturbruk, +47 48249294, Leif.einar.ness@mrfylke.noArbeidsstad
Gjermundnesvegen 2006392 Vikebukt
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5091685595
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 04.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 454050141
- Sist endret

