Kontrollingeniør elektro
Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 26.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Kontrollingeniør elektro
Du får jobbe med drift og vedlikehald av fylkesvegar. Fylkesvegnettet består av om lag 3200 km veg, 62 tunnelar, samt diverse trafikksignalanlegg, klima stasjoner, trafikktellepunkt, variable skilt, bruer med elektriske anlegg og veglysanlegg.
Stillinga er plassert i fylkesvegavdelinga, for tida med arbeidsstad i Molde, Kristiansund eller Ålesund og du kan sjølv velje kontorstad. Du må rekne med ein del reising.
Som kontrollingeniør elektro vil du gå inn i ein seksjon med om lag 37 medarbeidarar. Vegdrift seksjonen er delt i 3 team, eit for drift Nordmøre og Romsdal, eit for drift Sunnmøre og eit for elektro/tunnel/geofag med fleire byggeleiarar, kontrollingeniørar og fagressursar. I tillegg er det fagressursar innan HMS, økonomi, tunnelsikkerheit og beredskap
Arbeidsoppgåver
- Styre ei kontrakt- og prosjektportefølje med ulik storleik og kompleksitet- Ha ansvar for å levere prosjekt innanfor definerte mål innan HMS, økonomi, framdrift og kvalitet.
- Rapportere til seksjonsleiar og bistå seksjonsleiar i styringa av seksjonen.
- Personalansvar for ei gruppe beståande av fagansvarleg elektro, byggeleiarar, kontrollingeniørar, tunnelforvaltar/brannvernleiar, geologar og geoteknikkarar.
Kvalifikasjonar
- Har bachelor innan elektrofag. Fagskuleutdanning innan elektro med relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet- Det er ein forutsetting at du har fagbrev innan elektrikerfaget (Gruppe L).
- Erfaring i teknisk og/eller økonomisk oppfølging av entreprenørar eller leverandørar.
- God kjennskap til arbeid med elektriske anlegg
- God kjennskap til digitale verktøy
- Førarkort klasse B
- Erfaring med el. kontroller etter NEK 405-2, 405-3 og NEK 405-3-2
- Erfaring med termografering etter NEK 405-1.
Personlege eigenskapar
- Vilje og evne til å samarbeide med interne og eksterne partar- Evne til å bruke din fagkunnskap praktisk og teoretisk
- Vere positiv og samarbeidsorientert
- Kunne arbeide sjølvstendig
Vi tilbyr
- Ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø- God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- Løn etter avtale
FerdigheterAI-generert
- Detalj prosjektering/ engineering elektro
- Digitale ferdigheter
- Elektrisk arbeid
- Koordinere og følge opp underentreprenører og leverandører
- Nyinstallasjon og vedlikehold på elektro
- Prosjektleveranse
- Sertifisert kontrollør NEK -1-2-3
- Termografering
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk i fylket. Den er også den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3300 kilometer fylkesveg. Vi har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Samferdselsområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM kollektivavdeling og Fylkesvegavdeling.
FRAM er ansvarleg for buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, og skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vert drifta og utvikla på ein effektiv, god og miljøvenleg måte
Fylkesvegavdelinga har ansvar for trafikktryggleik, utvikling, utbygging, forvaltning og drift av fylkesvegar i Møre og Romsdal.
Samferdselsområdet har et solid kompetansemiljø innen sine fagområder.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Samferdselsområdet (mrfylke.no)
- Sektor: Offentlig
- Sted: Julsundvegen 9, 6412 Molde
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Bygge- og anleggsteknikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Kontrollingeniør elektro, elektro, ingeniør, bygg og anlegg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 453949753
- Sist endret


