Teamleiar elektro, tunnel og geofag
Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 26.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Teamleiar elektro, tunnel og geofag
Du får jobbe med prosjektområde innan vegdrift for faga elektro/automasjon, tunnel og geofag (geologi og geoteknikk) samt tunnelforvaltning. I kontraktsportefølja inngår mellom anna elektrodriftskontraktar, styringssystem og andre tiltak knytt til elektro og tunnel, samt geologi og geoteknikk.
Kontrakt- og prosjekt porteføljen vil variere alt etter kva vedlikehald og behov som oppstår på det fylkeskommunale vegnettet.
Stillinga er plassert i fylkesvegavdelinga, for tida med arbeidsstad i Molde, Kristiansund eller Ålesund.
Som teamleiar i vegdrift seksjonen vil du gå inn i ein seksjon med om lag 37 medarbeidarar. Byggherremiljøet i
seksjonen er delt i 3 team, eit for drift Nordmøre og Romsdal, eit for drift Sunnmøre og eit for elektro/tunnel/geofag med fleire byggeleiarar, kontrollingeniørar og fagressursar. I tillegg er det fagressursar innan HMS, økonomi, tunnelsikkerheit og beredskap
Arbeidsoppgåver
- Styre ei kontrakt- og prosjektportefølje med ulik storleik og kompleksitet- Ha ansvar for å levere prosjekt innanfor definerte mål innan HMS, økonomi, framdrift og kvalitet.
- Rapportere til seksjonsleiar og bistå seksjonsleiar i styringa av seksjonen.
- Personalansvar for ei gruppe beståande av fagansvarleg elektro, byggeleiarar, kontrollingeniørar, tunnelforvaltar/brannvernleiar, geologar og geoteknikkarar.
Kvalifikasjonar
- har bachelor elektrofag. Fagskuleutdanning innan elektro med relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
- Leiarerfaring er ein fordel
- erfaring innan fagområda elektro, automasjon, og gjerne kjennskap til tunnelforvaltning og geofag
- har erfaring med gjennomføring av prosjekt innan drift, anlegg, veg eller bygg.
- er godt kjent med ordinære digitale verktøy.
- har førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein tydeleg og motiverande leiar som kommuniserer godt og byggjer sterke lag. Du arbeider strukturert, er løysingsorientert og samarbeidsvillig. Du formidlar godt både munnleg og skriftleg, og bidreg aktivt til eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø.Vi tilbyr
- Ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø- God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- Løn etter avtale
FerdigheterAI-generert
- Automatisering
- Digitale ferdigheter
- Elektro (AMO)
- Geofag
- Geologi
- Geoteknisk undersøkelse
- Planlegging- og realisering av byggeprosjekter
- Prosjekteringsledelse
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk i fylket. Den er også den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3300 kilometer fylkesveg. Vi har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Samferdselsområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM kollektivavdeling og Fylkesvegavdeling.
FRAM er ansvarleg for buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, og skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vert drifta og utvikla på ein effektiv, god og miljøvenleg måte
Fylkesvegavdelinga har ansvar for trafikktryggleik, utvikling, utbygging, forvaltning og drift av fylkesvegar i Møre og Romsdal.
Samferdselsområdet har et solid kompetansemiljø innen sine fagområder.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Samferdselsområdet (mrfylke.no)
- Sektor: Offentlig
- Sted: Borgundvegen 340, 6009 Ålesund
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Bygge- og anleggsteknikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Teamleiar elektro, tunnel og geofag, Elektro, Geologi, Tunnel
Annonseinformasjon
- FINN-kode 453945498
- Sist endret