Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bergen
Bilde fra arbeidsgiver
Fristen er utløpt

HR-jurist

Nav

  • Frist 15.04.2026
  • Ansettelsesform Fast

HR-jurist

Nav fylkeskontor Vestland har det overordna ansvaret for å gjennomføre arbeids- og velferdspolitikken i fylket, og har styringsansvar for ni regionar og ei spesialeining. Fylkeskontoret held til i Bergen og består av om lag 45 tilsette fordelte på fire avdelingar: HR og organisasjon, partnarskap og kommunikasjon, fag og tenester samt økonomi og analyse.

No søkjer vi ein engasjert og fagleg sterk HR‑jurist med juridisk kompetanse og eit ønske om å bidra breitt innan HR‑faget.

I denne rolla blir du ein sentral fagressurs for leiarar i Nav Vestland gjennom rådgiving og støtte i arbeidsrettslege spørsmål. Samstundes blir du ein aktiv del av HR‑teamet, der du samarbeider tett med HR‑rådgivarar og vår andre jurist. Du vil få eit variert arbeidsfelt og bidra i utgreiingar, personalsaker, omstillingsprosessar og utviklingsarbeid ute i organisasjonen.

Som HR‑jurist hos oss får du kombinere juridisk spisskompetanse med praktisk HR‑arbeid i eit tverrfagleg miljø med høg kompetanse innan HR, HMS, leiarstøtte og innovasjon. Du får ein variert arbeidskvardag, gode moglegheiter til å vidareutvikle fagområdet – og høve til å påverke utviklinga av Nav i heile Vestland.

Frå juni flyttar vi inn i nye, moderne lokale i Solheimsviken.


Kva går jobben ut på?

  • rettleiing og leiarstøtte i arbeidsrettslege problemstillingar
  • rådgiving i personalsaker og omstillingsprosessar
  • arbeid med medbestemming, tilsettingssaker, lønn og tariff, konflikthandtering og anna relevant avtaleverk
  • handtering av personvernspørsmål på HR‑området
  • bidra i formidling, opplæring og kompetanseheving innan HR og arbeidsrett
  • delta i varierte HR‑ og personaladministrative oppgåver i HR‑teamet

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha

  • master i rettsvitskap eller juridisk embetseksamen
  • nyare erfaring frå arbeid med arbeidsrettslege problemstillingar, som personalsaker, endringsprosessar og omstillingsarbeid
  • god formuleringsevne på norsk, både munnleg og skriftleg
  • gode digitale ferdigheiter

Det er ein fordel om du har

  • kjennskap til lov- og avtaleverk i staten
  • erfaring frå arbeid i HR‑funksjon
  • kjennskap til Lean-metodikk

Kva ser vi etter hos deg ?

  • trivst med formidling og kunnskapsdeling
  • evnar å forklare juridiske reglar på ein enkel og forståeleg måte
  • har interesse for fagutvikling og held seg oppdatert på eige fagfelt
  • kommuniserer godt og samarbeider på tvers av team og fagområde
  • strukturert og løysingsorientert med god evne til å veksle mellom operative og strategiske oppgåver

Kvifor velje oss?

  • ei spennande stilling i eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar
  • store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
  • stillinga blir plassert i stillingskode1364 seniorrådgivar. Lønsspennet er frå kr. 730 000 til 820 000. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.

Les meir om Nav som arbeidsgivar

Ferdigheter
AI-generert

  • Arbeidsmiljøloven (Norge)
  • Arbeidsrett
  • Digitale ferdigheter
  • Juridisk kompetanse
  • Kunnskap innen arbeidsrett

Om arbeidsgiveren

Nav søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.

Mangfold er viktig i Nav. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.

Når du søker jobb hos oss, vil navnet ditt stå på en offentlig søkerliste. Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrift via vitnemålsportalen.no.

NAVstilling

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Solheimsgaten 7E, 5058 Bergen
  • Bransje: HR, organisasjonsutvikling og rekruttering, Juridiske tjenester, Offentlig administrasjon
  • Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering, Jurist, Kontor og administrasjon
  • Arbeidsspråk: Norsk
  • Bilde 1 av 1 i jobbannonse-galleriet
Nav logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Kathrine Martinsen
  • Stillingstittel: Avdelingsdirektør HR og organisasjon
  • Mobil: 40 23 97 34
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med Nav

7107 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Nav logo

Nav

  • Interessert i å jobbe med IT?Firkant med pil som peker oppover mot høyre
  • NAV på LinkedINFirkant med pil som peker oppover mot høyre
Les mer om oss

Firmaets beliggenhet

Solheimsgaten 7E, 5058 Bergen

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 453935831
  • Sist endret 10.3.2026, 11:38
Rapporter annonse