Intensivsjukepleiar
Kirurgisk klinikk/ Nasjonalt brannskadesenter, Helse Bergen HF
- Frist 30.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Brannskadeavdelinga ved Kirurgisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus, har ledig faste stillingar. Turnus med arbeid pt. kvar 3. helg med moglegheit for 12,5t. vakter kvar 2, 3 eller kvar 4. helg. Stillingane er ledig frå snarast eller etter nærare avtale.
Avdelinga har ansvaret for den nasjonale behandlingstenesta for avansert brannskadebehandling og behandlar kvart år 150-200 pasientar frå heile landet med alvorlege brannskadar. Vi behandlar både barn og vaksne. Arbeidet er tverrfagleg og vi har eit tett samarbeid med andre yrkesgrupper.
Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg. Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).
Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.
Arbeidsoppgåver
- Brannskadeavdelinga er ein spennande arbeidsplass med mange sjukepleiefaglege utfordringar
- Sjukepleie til akutt kritisk sjuke intensiv- og overvakingspasientar
- Arbeid knytt til intensivbehandling, sår og sårbehandling, ernæring, mobilisering og planlegging av rehabilitering etter brannskadar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar og vidareutdanning som intensivsjukepleiar
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Vi ønsker oss medarbeidarar som søker faglege utfordringar, og som likar å arbeide i team, også tverrfagleg team
- Søkar må ha evne til å takle raske omstillingar, høgt arbeidstempo og vere løysingsorientert
- Søkar må ha evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver og ha respekt for kvar enkelt pasient
- Søkar må ha evne til å jobbe sjølvstendig og bidra/fungere i krevjande situasjonar
- Du må kunne trivast i eit aktivt og travelt miljø, vere positiv og bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Moglegheit til å opparbeide seg ein unik kompetanse då vi har nasjonal funksjon
- Spennande arbeidsstad
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg og godt arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Kurs for nye tilsette
- Internasjonalt kurs i akutt brannskadebehandling
- Ulempetillegg
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Liv Hege Furnes Hilt, Seksjonsleiar, 55973560, liv.hege.furnes.hilt@helse-bergen.noArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5091871232
Stillingsprosent: 100%
Fast
Annonseinformasjon
- FINN-kode 453876270
- Sist endret

