Matros til ressursgruppe
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
- Frist 17.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du klar for ein spanande og allsidig jobb der du vil være med på å sikre at våre ferjer alltid er klare for oppdrag? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Du får som matros i ressursgruppe moglegheita til å byggje kompetanse på eit breit spekter av fartøy. Du blir ein ein viktig bidragsyter i å halde reservefartøy operativt. Reservefartøyet har i dag base på Bolsønes verft i Molde. Samtidig vil du ta utsjekk på ulike samband og fartøy i Molde og omegn, og bistå som bemanning på desse fartøya ved behov.
Du får ein svært famile og- fritidsvenleg turnus, der du arbeider to veker på, to veker av. Det er ein fordel om du bur innan rimeleg avstand frå arbeidsstaden. Reisekotsnader i arbeidsperioden vil dekkast av Fjord1. Reisekostnader frå heimeadresse til arbeidsstad vert delvis dekka.
Arbeidsoppgåver
- Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
- Bistå som bemanning på ulike fartøy ved behov
- Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
- Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Verne- og miljøarbeid
- Kundehandsaming
Kvalifikasjonar
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Nok fartstid til å mønstre matros
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med samarbeid, men som òg kan ta ansvar og jobbe sjølvstendig når situasjonen krev det. Du set alltid sikkerheit og service først, har evna til å tenkje raskt og finne gode løysingar, og viser vilje til å lære og stå på når det trengst.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom RLF/NHO og Norsk Sjømannsforbund.
- Fast stilling i eit anerkjent og solid selskap.
- Skiftordning: 2 veker på, 2 veker av.
- Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø.
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leilegheiter og gode rabattordningar.
Kontaktinformasjon
Jonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, jonas.hovland@fjord1.noArbeidsstad
Fannestrandvegen 666416 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5090010254
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 29.03.2026
Søknadsfrist: 17.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 453774356
- Sist endret

