Skipsmotormekanikar Arsvågen-Mortavika, pt. MF Stavangerfjord
Fjord1 AS - Maritim Drift
- Frist 18.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Fjord1 søker no ein skipsmotormekanikar til MF Stavangerfjord, ei gassdriven ferje som trafikkerer eitt av Noregs største ferjesamband – Arsvågen–Mortavika.
Som skipsmotormekanikar blir du ein viktig del av den daglege drifta om bord. Du jobbar tett saman med maskinistane og maskinsjef, og deltek i maskinvakt, vedlikehald, feilsøking og oppgåver knytt til tryggleik og beredskap.
I stillinga jobbar du 2 veker på og 2 veker fri – ei ordning som gir god balanse mellom jobb og fritid. Under arbeidsperiodane bur du om bord, og reise til og frå arbeidsperiodane blir dekka av rederiet.
Her får du moglegheit til å utvikle deg vidare innan maskinfaget og bygge kompetanse på gassfartøy – ei erfaring som er ettertrakta. Du blir ein del av eit trygt, inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø om bord, der samarbeidet på tvers av heile besetninga er ein naturleg del av kvardagen.
Tilsetjing skjer etter avtale, med ønske om oppstart august 2026.
Arbeidsoppgåver
Skipsmotormekaniker:
- Gjere seg kjend med sikkerheitsstyringssystemet (ref. utsjekksliste).
- Gjere seg kjend med utstyr og rutinar i samsvar med «Fartøyhåndbok», «Opplæringshåndbok for redningsutstyr», samt andre handbøker som gjeld stillinga.
- Gjere seg kjend med beredskapsfunksjonen i samsvar med alarminstruks.
- Gjere seg kjend med verne- og miljøarbeid, samt bruk av verneutstyr.
- Utføre maskinvakt og førefallande arbeid om bord.
- Sørge for reinhald og brannforebygging innanfor sitt ansvarsområde og at kjemikalium vert handtert etter prosedyre/forskrift.
- Alterneringsplikt mellom dekk og maskin.
- Bidra til at fartøyet oppnår sine målsettingar, herunder ISO 50001 og fartøyets seemp-mål.
Kvalifikasjonar
- Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæring
- Ferdighetssertifikat skipsmotormekaniker
- Ferdighetssertifikat grunnleggande og vidaregåande IGF
- Krise- og passasjerhandtering
- FSE
- Gyldig helseattest
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Fjord1 dekker IGF kurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert skipsmotormekanikar som trivast med å jobbe i team, og set sikkerheit og service på topp. Vilje til å lære og stå på er og viktige eigenskaper.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overeinskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Sjømannsforbundet.
- Sjøvakt 2 veker på og 2 veker av.
- Treningsrom om bord i fartøyet
- Dekka reisekostnader til/frå arbeidsperiode
- Ein bur ombord i arbeidsperioden
- Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår.
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
Kontaktinformasjon
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.noArbeidssted
E395561 Føresvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fjord1 ASReferansenr.: 5090630584
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 453732046
- Sist endret
