Tilkallingsvikar - Maskinsjef i Trøndelag på sambandet Brekstad - Valset og Levanger - Hokstad
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
- Frist 18.3.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vi søkjer tilkallingsvikar som maskinsjef som vil gjelde sambanda Brekstad - Valset og Levanger - Hokstad.
Fjord1 har behov for å knytte til seg vikarar til kortare og lengre tilkallingsoppdrag i stillinga som maskinsjef i Trøndelag. Behovet vil gjelde ulike samband.
Ein fin moglegheit for deg som kanskje vil arbeide litt ekstra i friperiodar frå din hovedarbeidsgjevar, eller kanskje du er pensjonert og har lyst ta nokre vakter av og til?
Skiftordning: Vil variere på dei ulike sambanda.
Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Teknisk leiar med ansvar for skipet sitt tekniske utstyr og at det oppfyller krav frå klasse og styresmakter
- Vedlikehald av maskineri og komponentar i samsvar med AMOS vedlikehaldssystem
- Sikre at tryggleiksstyringssystemet vert følgd, i samarbeid med skipsførar
- Opplæring av personell under si leiing
- Oppdatering av jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt
- Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine teikningar og tekniske manualar
- Overvaking av forbruk og behaldning av brennolje, smøreolje og ferskvatn
- Føring av maskindagbok, oljedagbok og andre nødvendige dokument
- Budsjettering, oppfølging og bestilling av reservedelar og utstyr
- Sørgje for oppdatert stoffkartotek
- Ansvar for reinhald og brannførebygging innan maskinområdet
Kvalifikasjonar
- Kompetansesertifikat M3
- MES-Opplæring
- FSE-Kurs
- Sikkerheitskurs i høve kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise-og passasjerhandteringskurs
- Gyldig helseattest
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Du vil få ein variert arbeidskvardag, med spennande arbeidsoppgåver.
- Moglegheit for fagleg utvikling og vidare karriere innan maritim drift.
Kontaktinformasjon
Jill Mari Juberg, Rekrutteringsmedarbeider, +47 +4794082518Arbeidsstad
7600 Levanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5090431819
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 18.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 453620275
- Sist endret
