Tannhelsesekretær / assistent
Colosseum Tannlege Sogndal
- Frist 16.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du den som skapar tryggleik og struktur?
Klinikken vår i Sogndal søkjer no ein tannhelsesekretær/assistent i fast 80% stilling
Vi har primært behov for ei fast stilling i 80%, men er opne for dialog dersom du ønskjer noko lågare stillingsprosent.
Om klinikken
Hos oss blir du del av eit solid team med fire tannlegar, ein periodontist, to tannpleiarar og seks sekretærar. Vi tilbyr eit breitt spekter av tannhelsetenester og held høg fagleg kvalitet i alt vi gjer.
Vi har eit inkluderande arbeidsmiljø med godt samarbeid på tvers av faggrupper, og er stolte av å vere sertifisert som Great Place to Work.
Dette blir kvardagen din
Som tannhelsesekretær/assistent arbeider du tett på både behandlarar og pasientar, og får ei variert rolle som kombinerer klinisk og administrativt arbeid.
Du vil assistere i behandling, klargjere utstyr og behandlingsrom, ta røntgen og bidra i resepsjonen og pasientoppfølginga.
Den me søkjer:
- Arbeider strukturert og tek ansvar
- Er serviceinnstilt og set pasienten først
- Trivst i ein variert og til tider hektisk kvardag
- Kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg
- Bidreg positivt i arbeidsmiljøet
Det er ein fordel om du har:
- Utdanning/autorisasjon som tannhelsesekretær
- Erfaring frå tannhelse eller annan helseverksemd
- Kjennskap til journalsystemet OPUS
Har du ikkje erfaring frå tannhelse, men er motivert og lærevillig? Då oppmodar vi deg likevel til å søkje.
Hos oss får du:
- Trygg arbeidsplass i eit solid selskap
- Grundig opplæring og tett oppfølging
- Eit sosialt og inkluderande arbeidsmiljø
- Utviklingsmoglegheiter
- Lønn etter tariff
Klar for å søkje?
Søknader vert fortløpande behandla.
For meir informasjon, ta gjerne kontakt med Grete Helene Eikenæs telefonnummer 41447090 eller e-post: grete.eikenaes@colosseum.no.
Send søknaden din i dag, vi ser fram til å høyre frå deg!
FerdigheterAI-generert
- Administrasjonsarbeid
- Pasientbehandling
- Ta radiografibilder
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Colosseum Tannlege er den leiande leverandøren av tannhelsetenester i Norge, med over 70 klinikkar og 1100 medarbeidarar. Selskapet tilbyr dei beste og mest moderne metodane innan alt frå førebyggjande tannhelse, tannbehandling og estetisk tannpleie. Kvar klinikk har eigen administrativ klinikkleiar og eigen fagleiar som har ansvar den faglege delen. Gjennom Colosseum Academy sikrar me fagleg utvikling av alle medarbeidarane og tilbyr tidsrette interne og eksterne kurs med høg kvalitet.
Colosseum Tannlege er ein del av Colosseum Dental Group. Colosseum Dental Group er leiande tilbydar av tannlegetenester i Europa. Me er no over 600 klinikkar i 11 land med over 11 000 behandlarar og assistentar.
Me oppfordrar alle kvalifiserte kandidater til å søke.
- Sektor: Privat
- Sted: Parkvegen 4, 6856 Sogndal
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Tannhelse
Nøkkelord
Tannhelsesekretær, Assistent tannlege
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 453612923
- Sist endret

