Overlege Allmenn døgnbehandling Kronstad DPS
Kronstad allmenn døgnbehandling, Helse Bergen HF
- Frist 31.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å vidareutvikle ein travel og spennande akuttseksjon saman med andre spesialistar? Vi skal styrke overlegedekninga ved vår allmennpsykiatriske døgnseksjon og vi håper du vil nytte denne sjansen til å søke på stillinga.
Allmennpsykiatrisk døgnseksjon ved Kronstad DPS har ei sentral rolle innan akuttbehandlinga i divisjon Psykisk helsevern i Helse Bergen. Seksjonen har 20 døgnplassar og gir tilbod om korte målretta opphald, både akutt og elektivt. Seksjonen tar imot pasientar frå kommunehelsetenesta, eige DPS og frå Psykiatrisk klinikk.
Miljøpersonalgruppa består av erfarne og engasjerte sjukepleiarar, vernepleiarar og sosionom som arbeidar i team rundt den einskilde pasient. Seksjonen er for tida bemanna med tre overlegar, to psykologar, LIS og turnuskandidat. Vi ønsker å utvide til fire overlegar.
Kronstad DPS er delt inn i ulike seksjonar, med behandling på døgnpost og/eller poliklinisk. Den polikliniske verksemda går føre seg ved to store allmennpoliklinikkar, ved gruppeeininga og i akuttteamet vårt (seksjon for akutte tenester). Overlegane ansatt ved Allmenn døgnavdeling bistår Sekjon for akutte tenester (SAT).
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, fastsetting av diagnose og behandling av tilviste pasientar. Undervisning og rettleiing av utdanningskandidatar og personale i kommunehelsetenesta
- Medisinsk og spesialistfagleg ansvar i døgnseksjon
Kvalifikasjonar
- Spesialist i psykiatri
- Norsk autorisasjon
- Søkar må meiste norsk munntleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du må vere arbeidsam, ha gode samarbeidsevner og kunne bidra til godt arbeidsmiljø
- Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
- Engasjert og fleksibel med interesse for tverrfagleg tilnærming i pasientbehandlinga
- Det vil bli lagt vekt på at søkar er personleg eigna til stillinga
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø og gode kollegaer
- Høgt fagleg nivå mellom dei tilsette
- Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
- Anledning til å delta i vidareutvikling av Kronstad DPS
- Fordjupingsdagar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Urd Loftesnes, Seksjonsleiar, 55956201Marit Bjørheim, Fagleg ansvarleg overlege, 55956200
Arbeidsstad
Fjøsangerveien 365053 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5078418405
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 453599883
- Sist endret




